Hadia Tajik (A): I kor mange konkrete saker har situasjonssenteret i Politidirektoratet vore i bruk, anten i samarbeid med politidistrikta, eller i samarbeid med andre, kva slag saker har dette vore, og kva har rolla til situasjonssenteret vore i dei sakene?
Begrunnelse
Situasjonssenteret i Politidirektoratet har vore i drift sia hausten 2015. I Stortingsmelding nr. 13 (2015-2016) er situasjonssenteret mellom anna omtala slik:
«Situasjonssenteret skal ivareta Politidirektoratets operasjonelle rolle ved alvorlige hendelser og krisehåndtering, men overtar ikke operasjonssentralens funksjon.» I si eiga FINN-annonse då dei søkte etter ny folk skreiv POD at målet med situasjonssenteret er å «ivareta samordning og koordinering i nasjonale kriser og ved alvorlige hendelser.»