Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:754 (2016-2017)
Innlevert: 27.02.2017
Sendt: 28.02.2017
Besvart: 07.03.2017 av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Kristiansund vart utlova eit Politiets løns- og rekneskapssenter med 70 tilsette, men dette er brått nedskalert til eit rekneskapssenter med 50 tilsette.
Korleis kunne dette skje reint formelt og politisk, og kan justisministeren forsvara at dette skjer når tildelingsbrevet utsendt 2/2 2017 innebar både løns- og rekneskapsoppgåver før snuoperasjonen kom berre to veker seinare?

Begrunnelse

JD har gitt POD ordre om å etablere eit løns- og rekneskapssenter for politietaten i Kr.sund. Frå tildelingsbrevet vart utsendt den 2. februar 2017 til kontrabeskjed kom den 17. februar om at det berre vart rekneskapsoppgåver og ikkje lønsoppgåver ved senteret i Kristiansund som utlovt, gjekk det altså berre 15 dagar. Dette verkar som resultatet av ein uryddig prosess og ein skjult politisk agenda, eventuelt at embetsverket gjer noko på tvers av det politisk leiing ønskjer.
Det er viktig å få klårheit i om justisministeren sjølv har gått inn for endringa, eller om endringa kjem som resultat av at POD ikkje følgjer politiske føringar. Begge delar vil vera merkeleg, all den tid ein må forvente at justisministeren held det han har lovt om tilføringa av kompetansearbeidsplassar til Kristiansund, og all den tid eit tildelingsbrev er ei klår politisk føring til ein etat.
Det er interessant at det har korne fram (i KSU 24/7) at fleire av dei som har vorte rekrutterte til dette kompetansesenteret innan løn og rekneskap i Kr.sund har spesialkompetanse på nettopp løn, trass i at lønsoppgåver no ikkje lenger skal vera ein del av porteføljen til senteret.
Dersom dette stemmer, og bør justisministeren snarast signalisere om desse skal få behalde dei jobbane dei er rekrutterte til, eller om dei må pårekne å miste jobbane sine. Dette siste vil tyde på eit dårleg handverk i ei sak som er altfor viktig til åla bli ein farse.

Per-Willy Amundsen (FrP)

Svar

Per-Willy Amundsen: Politidirektoratet har i tildelingsbrevet for 2017 fått i oppdrag å etablere Politiets lønn- og regnskapssenter i Kristiansund. Denne oppgaven ligger fast. Regjeringen har også besluttet at Direktoratet for økonomistyring (DFØ) skal ta over oppgaver på lønnsområdet som ikke etter økonomiregelverket må utføres av politiet selv. Det innebærer at det vil være behov for om lag 50 ansatte i politiet til lønns- og regnskapsoppgaver i Kristiansund. Tallet på etablering av om lag 70 arbeidsplasser i Kristiansund ligger imidlertid fast.
Direktoratet for økonomistyring leverer fellestjenester på lønnsområdet til 86 pst av alle statlige virksomheter. Reglene for økonomiforvaltning i staten slår fast at politiet selv har ansvar for en rekke oppgaver på lønnsområdet, også etter at deler av oppgavene er overlatt til DFØ. Dette innebærer at det fortsatt vil være flere ansatte i Kristiansund som har lønnsforvaltning som sin hovedoppgave. Det er således ikke riktig at senteret i Kristiansund ikke skal ha ansvaret for lønnstjenester i politiet. Regjeringen har imidlertid valgt den mest ressurseffektive løsningen for staten samlet sett, ved å legge oppgaver med betydelige stordriftsfordeler til DFØ i Stavanger.
For å opprettholde lovnaden om at det skal etableres om lag 70 statlige arbeidsplasser i Kristiansund, har regjeringen besluttet at om lag 20 arbeidsplasser etableres ved skattekontoret i Kristiansund.