Hadia Tajik (A): Kvifor ynskjer statsråden å leggje til rette for at det som før har vore ei unntaksordning, no skal vere vanleg, slik at visepolitimestere utan juridisk utdanning skal foreta legalitetskontroll i saker som kan gripe sterkt inn i enkeltmenneske sine liv, kva problem er denne endringa meint å løyse, og kvifor har det ikkje vore ei «grundig og gjennomtenkt prosess» slik Riksadvokaten har etterlyst?
Begrunnelse
I samband med implementeringa av politireforma vert det no lagt opp til at visepolitimestre utan juridisk utdanning skal få påtalekompetanse. Sjølv om det òg har vore mogleg tidligare, inneber dette i realiteten ei endring, av di det ikkje har vore vanleg praksis tidligare. Det har så langt berre skjedd i eitt tilfelle, noko som har vore i tråd med forarbeida til lova, som er tydelege på at visepolitimestre utan formell kompetanse kun unntaksvis skal ha påtalekompetanse. I brevet frå Riksadvokaten til POD datert 05.01.17, der Riksadvokaten opnar for ei endring, merker me oss at Riksadvokaten samstundes påpeikar fleire dilemma ved å opne for ny praksis. Riksadvokaten påpeiker òg at spørsmålet om å gjere unntak frå kravet om formelle kvalifikasjonar burde vore underlagt ei «grundig og gjennomtenkt prosess».