Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:800 (2016-2017)
Innlevert: 09.03.2017
Sendt: 09.03.2017
Besvart: 17.03.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere Stortinget om bakgrunnen for utsagnet til statsråden i Stortinget 7. mars om at strekninga E16/Arna-Stanghelle har blitt 4 mrd. kroner dyrare på under eit år og om kor tid fagetatane har meldt frå om dette, og kan statsråden informere om kva konsekvensar ei utsetjing av strekninga på 3 år vil få for tunneldirektivet og mulige krav om oppgradering av eldre tunnelar Bergen-Voss av di ny veg no er utsett i tid i forhold til fagetatane sitt forslag?

Begrunnelse

Viser til debatt i Stortinget 7. mars 2017.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Vegnettet vårt skal vere trygt og effektivt. Derfor blir det investert mykje pengar både i utbetring av eksisterande veg og bygging av ny veg. Med borgarleg fleirtal har satsinga på vegutbetring blitt kraftig styrka. Nå blir samla forfall på vegnettet redusert, etter lang tid med aukande etterslep på vedlikehald.

Strekninga E16 Arna-Voss har behov for opprusting. I budsjetta gjennom dei siste åra er satsinga på skredsikring auka, og det er gjort fleire grep for styrke trafikksikring og vedlikehald. Resultata er gode. Talet på drepne i trafikken er redusert frå 18 personar i perioden 2008-12 til 2 personar i åra 2013-16. Men vi er ikkje i mål, og derfor skal det byggjast ny veg på strekninga.

I NTP 2018-29 legg regjeringa opp til å bruke over 14 milliardar statlege kroner på betre veg og bane på strekninga. Etter opprinneleg kostnadsanslag ville det fullfinansiert ny veg på heile strekninga Arna-Voss og ny jernbane på strekninga Arna-Stanghelle. Oppdaterte anslag viser betydeleg kostnadsauke. Det må vi løyse. Det er viktig at vi får utbetra heile strekninga Arna-Voss framfor at alle pengane blir brukte før ein er halvvegs.

I transportetatane sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018-2029 er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag for prosjektet E16 Stanghelle – Arna på 7,3 mrd. kr. Som grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018-2029, vart transportetatane bedt om å kvalitetssikre kostnadsoverslaga for prosjekt som inngår i dei ulike rangeringane i transportetatane sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018-2029. Vegdirektoratet orienterte Samferdselsdepartementet om kostnadsendringar på vegprosjekta i oktober 2016. Kostnadsoverslaget for prosjektet E16 Stanghelle – Arna vart då auka til 11 mrd. kr, dvs. ein auke på 3,7 mrd. kr frå grunnlagsdokumentet. I tillegg vart det opplyst at føresett bompengebidrag måtte reduserast frå 3,8 mrd. kr til 3,4 mrd. kr. Dette inneber at behovet for statlege midlar til den delen av prosjektet har auka med vel 4 mrd. kr samanlikna med det som vart lagt til grunn i transportetatane sitt grunnlagsdokument.

Kostnadsoverslaga for E16-prosjekta E16 Voss – Stanghelle og Stanghelle – Arna var i transportetatane sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018-2029 baserte på grove kostnadsvurderingar i KVUen for Voss – Arna frå april 2014. KVUar vert utarbeidde som grunnlag for val av konsept for vidare planlegging av framtidige transportløysingar i eit område. Konsepta er derfor ikkje ferdig utvikla løysingar, noko som inneber at det framleis er knytt stor uvisse til løysingar innafor dei ulike konsepta og til kostnader. Som i dei fleste store plansaker, vil det vedtekne konseptet vere gjenstand for alternativvurderinger på kommunedelplannivå. For E16 Stanghelle – Arna er denne fasen erstatta av ein silingsfase. På grunnlag av denne skal den valde løysinga vidareutviklast/detaljerast ytterlegare gjennom utarbeiding av ein statleg reguleringsplan for samarbeidsprosjektet E16 og Vossebanen mellom Stanghelle og Arna. Det står følgjeleg att mykje planarbeid.

I følgje Staten vegvesen skuldast auken i forventa kostnader ein kombinasjon av endra rammevilkår og auka kunnskap. Kort oppsummert er dei viktigaste årsakene:

? Ei utgreiing om Ringveg aust og E39 nord i Åsane som låg føre hausten 2016, viser at det blir svært vanskeleg med tilknyting mellom E16 og Ringveg aust i nytt kryss i Arna sentrum der krysset ligg i dag. Det er derfor lagt opp til å flytte krysset om lag 2 km sørover.

? Flytting av krysset i Arna fører til at Arnanipatunnelen ikkje lenger kan nyttast som det eine løpet i toløpsløysing. Dette saman med auka kunnskap om konfliktnivå og geologi fører til at det også må byggjast meir tunnel austover mot Takvam/Romslo/Trengereid.

? Kryssløysinga i Vaksdal blir dyrare fordi kryss i dagen ikkje er mogeleg innafor dagens regelverk.

? For å få ei betre avslutning av prosjektet er det lagt opp til å forlenge prosjektet med omlag 2 km, frå Stanghelle til Helle.

? Kostnadene ved deponering overskotsmassar blir høgare enn tidlegare lagt til grunn.

Det må understrekast at prosjektet framleis er i ein tidleg planfase. Følgjeleg er det enno knytt stor uvisse til både løysingar og kostnadsoverslag. På grunn av den store kostnadsauken har Samferdselsdepartementet bedt Statens vegvesen sjå nærare på mellom anna kryssløysinga i Arna med sikte på kostnadsreduksjonar.

Endringa av bompengebidraget skuldast mellom anna feil i det føresette bompengebidraget i transportetatane sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018-2029. Ved ein inkurie vart det her lagt til grunn brutto bompengeinntekter, dvs. at også innkrevjings- og rentekostnader var inkludert i overslaget. I tillegg var bompengeoverslaget opphavleg rekna for Voss – Vaksdal og Vaksdal – Arna. Som følgje av at prosjektavgrensinga er endra til Voss – Stanghelle og Stanghelle – Arna, er også fordelinga av bompengar mellom dei to strekningane endra. Ved kvalitetssikring av bompengebidraget vart det dessutan lagt til grunn nokre endringar i trafikkprognosane. Som for andre prosjekt i ein tidleg planfase, er også det reviderte overslaget basert på grove vurderingar. Meir detaljerte vurderingar av bompengepotensialet vil bli gjennomført når det det nye vegsystemet er nærare detaljert.

På E16 mellom Stanghelle og Indre Arna er det ni tunnelar som er omfatta av tunnelsikringsforskrifta, dvs. tunnalar som er lengre enn 500 meter. Desse er alle tunnellar som vil vere i bruk også når ny E16 står open, men då som lokale vegar og ikkje som europaveg. Stavenestunnelen var ferdig utbetra i 2015, og Statens vegvesen legg opp til å utbetre Arnanipatunnelen og Langhelletunnelen i 2018-2019. De siste seks tunnelane er planlagt utbetra etter at ny veg er opna for trafikk. Dette for å unngå større omfang av trafikkreguleringar enn nødvendig og for å sikre mest mogeleg rasjonell og kostnadseffektiv gjennomføring av utbetringsarbeida. Desse tunnelane vil følgjeleg ikkje tilfredsstille alle krava i tunnelsikringsforskrifta før etter at ny veg er opna for trafikk. Avhengig av når den nye vegen står ferdig, kan det bli aktuelt å gjennomføre mindre sikringstiltak i dei seks tunnelane på eit tidlegere tidspunkt.

I statusrapporten til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) i april 2016 orienterte Samferdselsdepartementet om at prioritering av ny veg ville bli vurdert i samband med Nasjonal transportplan 2018 – 2029. Departementet orienterte også om dei omtalte planane for utbetring av eksisterande tunnelar på strekninga. Det går fram av svarbrevet frå ESA at dette er tatt til etterretning. På spørsmål om kva mindre tiltak som er tenkt gjennomført, har vi svart ESA at dette er avhengig av når den nye vegen vil stå ferdig.