Skriftlig spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:842 (2016-2017)
Innlevert: 15.03.2017
Sendt: 16.03.2017
Besvart: 27.03.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Kva er status for KS1 rapporten som vart bestilt av samferdselsdepartementet i 2014 for Rv15 Strynefjellet?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Statens vegvesen har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utarbeidd konseptvalutgreiing (KVU) for rv 15 Strynefjellet. KVUen er datert 22. mars 2012. Konsulentgrupperinga Metier/Møreforsking har gjennomført KS1 av KVUen. KS1-rapporten er datert 9. januar 2013.

Samferdselsdepartementet bad ved brev til Vegdirektoratet av 20. februar 2014 Statens vegvesen om å utarbeide ei tilleggsutgreiing til KVUen. Statens vegvesen si tilleggsutgreiing er datert 2. april 2014.

Samferdselsdepartementet bad ved brev til Vegdirektoratet av 14. juli 2015 Statens vegvesen om å revidere tilleggsutgreiinga. Statens vegvesen har svara på oppdraget gjennom

- KVU rv 15 Strynefjellet - Revidert tilleggsutgreiing inkl. fv 63 heilårsveg til Geiranger. Rapporten er datert juni 2016.

- Notat frå Statens vegvesen Region vest til Vegdirektoratet med supplerande vurderingar om forkasta løysingar i etaten si reviderte tilleggsutgreiing. Notatet er datert 29. september 2016.

Dette skal underleggjast KS1. Kvalitetssikringa er komen godt i gong, men tidspunkt for når kvalitetssikringa kan stå ferdig, er ikkje endeleg fastlagt.