Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere Stortinget om kva omorganiseringa i Arkivverket har kravd av auke i midlar til reiseverksemd, seminar og møteavvikling for tilsette i Arkivverket sidan omorganiseringa blei sett i verk i frå 01.11.2016?
Begrunnelse
Ifølgje statsråden sitt innlegg i Stortinget 14.04.16 ville statsråden be Riksarkivaren gå vidare med omorganiseringa av Arkivverket. Det har ført til at statsarkivarane ikkje lenger er leiarar for dei fleste tilsette ved statsarkiva, fordi dei har leiarar som er arbeider ved andre statsarkiv eller i Riksarkivet.