Lene Vågslid (A): Kva gjer regjeringa for å sikre at personar som bryt ut av eit samliv der dei har vore utsette for vald får «oppfølging i reetableringsfasen», jf. krisesenterlova § 2 bokstav d?
Begrunnelse
Stoltenberg-regjeringa lovfesta i 2009 at personar som bryt ut av vald i nære relasjonar skal få oppfølging i den fasen der dei etablerer seg på ny, den såkalla «reetableringsfasen», jf. krisesenterlova § 2 bokstav d. Lova trådte i kraft i 2010. I denne fasen er det svært viktig for mange at dei får hjelp til å skaffe bolig og arbeid for å lukkast med å etablere seg på ny.
Etter krisesenterlova § 2 skal
«Kommunen skal sørgje for eit krisesentertilbod som skal kunne nyttast av personar som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, og som har behov for rådgjeving eller eit trygt og mellombels butilbod.» Tilbudet skal, jf. § 2 bokstav d og omfatta «oppfølging i reetableringsfasen, jf. § 4». Ordlyden i § 4 lyder som følger: «Kommunen skal sørgje for at kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar, får ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet.Tilbod og tenester etter denne lova kan inngå som ledd i samordninga av ein individuell plan etter anna lovgiving, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 7-1, pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5, psykisk helsevernloven § 4-1, og lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen §§ 28 og 33.»