Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:898 (2016-2017) Innlevert: 23.03.2017 Sendt: 24.03.2017 Besvart: 04.04.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Geir Pollestad (Sp): Det er eit stort engasjement knytt til ny bompengepakke på Nord-Jæren. Mange fryktar høge utgifter til bompenger i framtida. Kva konkrete grep gjorde statsråden for å redusera bompengane i pakka før saka vart lagt fram for Stortinget?
Ketil Solvik-Olsen: Bompengepakken for Nord-Jæren er eit lokalt initiativ. Så vidt eg veit, har representanten Pollestads lokale kollegaer i Senterpartiet stemt for forslaget til bompengeopplegg i både kommunane og fylkestinget. Åtvaringar og frykt frå innbyggjarane om høge utgifter til bompengar har vore kjent lenge, og har mellom anna blitt tatt opp av Fremskrittspartiet sine lokalpolitikarar i lokale debattar. Eg finn det derfor interessant at representanten Pollestad i sitt spørsmål kommuniserer at han er uroa over vedtaka som partifellane hans har støtta. Som det går fram av omtalen i Prop. 47 S (2016-2017), byggjer bompengetakstane på det takstopplegget og dei bompengeinntektene som låg til grunn for dei lokalpolitiske vedtaka hausten 2014. Eg har ikkje sett at fylkes- og kommunepolitikarane som har utgjort fleirtalet lokalt, har oppfordra meg til å endre eller overstyre dei lokale vedtaka. Etter at dei lokalpolitiske vedtaka vart fatta er det innført ny takst- og rabattstruktur gjennom Stortingets behandling av Prop. 1 S Tillegg 2 (2015-2016). Regjeringa har på den bakgrunn foreslått å auke rabatten for bruk av bompengebrikke frå 10 til 20 prosent for lette køyretøy. Det ga også behov for nokre ytterlegare justeringar. Fylkeskommunen gjorde vedtak om passeringstak for køyretøy med totalvekt 3,5-7,5 tonn, men ikkje passeringstak for køyretøy over 7,5 tonn. Det harmoniserer ikkje med inndelinga i takstgrupper, der det blir skilt mellom køyretøy over og under 3,5 tonn. For å ivareta det vi oppfatta som intensjonen frå lokalpolitikarane - at dei tyngste køyretøya ikkje skulle ha passeringstak - vart grensa lagt på 3,5 tonn i proposisjonen. I samband med Stortingets behandling av saka har fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen gått inn for at det også blir innført passeringstak for køyretøy i takstgruppe 2. Dette er ei endring som eg støttar, sjølv om det truleg vil føre til noko reduserte bompengeinntekter. Som for andre bompengepakker, er det lagt til grunn at omfanget på utbygginga må tilpassast dei økonomiske rammene for bypakka (porteføljestyring). Statlege løyvingar til store vegprosjekt vil gå fram av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2018-2029. Som det går fram av Prop. 45 S (2016-2017), vil staten også dekke 50 pst. av kostnadene for Bussveien gjennom den kommande byvekstavtalen. Det samla omfanget av statlege midlar til Bypakke Nord-Jæren dei kommande åra vil bli nærare avklart gjennom forhandlingane om byvekstavtalen og Statens vegvesen sitt arbeid med handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2018-2029.