Sveinung Rotevatn (V): Når planlegg statsråden å følgje opp Stortingets vedtak nr. 471 om å stanse import av produkta frå hai?
Begrunnelse
Den 24. mars 2015 vart følgjande vedtak fatta av Stortinget: «Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til tiltak for å sikre strengere regulering av import av produkter fra hai for å stanse import av ulovlige haiprodukter til Norge.» Sidan har importreglane ikkje endra seg, og båe noverande og tidlegare fiskeristatsrådar har vist til ynskje om å handsame saka i samanheng med Konvensjonen for internasjonalt handel med trua dyre- og planteartar (CITES). Samstundes har regjeringa stemt mot betre vern for fire hai-artar på sist møte i CITES i 2016.