Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:908 (2016-2017)
Innlevert: 28.03.2017
Sendt: 29.03.2017
Besvart: 05.04.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva vil statsråden gjere for å hindre stadige driftsstansar på ferjesambandet Lote-Anda?

Begrunnelse

Dei siste åra har det vore uvanleg mange driftsstansar på ferjesambandet Lote-Anda på E-39 over Nordfjorden. I skrivande stund har det vore full stans på sambandet heile dagen, og dette har blitt ei jamnt vanlegare hending den siste tida. Ifølgje NRK Sogn og Fjordane er tala som følgjer:

2012: 10 kansellerte avgangar
2013: 7 kansellerte avgangar
2014: 16 kansellerte avgangar
2015: 80 kansellerte avgangar
2016: 112 kansellerte avgangar
Per feb. 2017 56 kansellerte avgangar

Grunngjevingane frå Fjord1, som har anbodet på sambandet, varierer mellom dårleg vêr, motortrøbbel og vanskeleg tilgjengeleg erstatningsferje. Tidlegare har det vore svært uvanleg med driftsstans på sambandet, og det er vanskeleg å sjå kvifor trafikantane no skal måtte finne seg i at dette har blitt eit meir eller mindre vanleg fenomen. Underteikna kjenner heller ikkje til nokon andre riks- eller europavegsamband med så dårleg regularitet. Sambandet over Nordfjorden er sterkt trafikkert, går langs ein viktig europaveg, og er av avgjerande viktigheit for dei mange som er avhengige av å kome seg over fjorden for daglege jobbreiser.
Spørsmålet er korleis staten, som er ansvarleg for sambandet, kan stille krav til ferjedrifta som sørgjer for at folk slepp å lure på om ferja går eller ikkje, og sikre den gode regulariteten som folk i området er vant med.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Kansellerte avgangar no i mars og særleg den nemnde stansen på 20 timar, er ikkje i samsvar med kontrakten som Statens vegvesen har med Fjord1. Fjord1 skal stille med reserveferje innan 6 timar. Det var dei av ulike årsaker ikkje i stand til, og dei har dermed ikkje levert i samsvar med kontrakten.
Statens vegvesen ved Region vest er kontraktspart i dette sambandet, og dei er i dialog med Fjord1 om manglande gjennomført leveranse i samsvar med kontrakt. Dette vil ha økonomiske konsekvensar for Fjord1.
Ferjesambandet Anda – Lote har årleg 24 648 avgangar i sin ruteplan. I 2016 utgjorde kansellerte avgangar 0,45 prosent av dei totale avgangane. Dette er innanfor dei krava til leveranse som vert stilt i kontrakten, og ferjesambandet har normalt god regularitet (99,55 prosent). Regulariteten er noko redusert dei siste åra, og dette er utfordrande for lokalsamfunna. I samband med ny kontrakt frå 1. januar 2018 vil sambandet bli trafikkert med to nye elektriske ferjer, og dermed vil situasjonen betre seg, men eg forventar sjølvklårt at dei og leverer i tråd med kontrakten for inneverande år.