Lene Vågslid (A): Kvifor har ikkje justis- og beredskapsdepartementet avventa ei slik avgjersle før Påtaleanalysa vart lagt fram og har vore på høyring, og kva er årsaken til at departementet ikkje har villa involvert Stortinget i ei beslutning om å flytte kontorstad og arbeidsplassar ut av Telemark og til Vestfold?
Begrunnelse
Brev av 18.10.16 frå Riksadvokaten til Justis- og beredskapsdepartementet står det at Riksadvokaten anbefalar justisministeren å flytte kontorstad for det utvida embetet Vestfold, Telemark og Buskerud frå Skien til Tønsberg. I brev tilbake til Riksadvokaten sendt den 20.12.16 skriv justis- og beredskapsdepartementet at dei har beslutta å gjere slik Riksadvokaten anbefalar. Det står:
"Justis og beredskapsdepartementet har besluttet at embetskontoret for Vestfold, Telemark og Buskerud flyttes fra Skien til Tønsberg fra den tid riksadvokaten bestemmer, og at de øvrige embeter beholder sin nåværende plassering av kontorsted".
Det har kome fleire reaksjonar frå ordførarar og fylkesordførar i Telemark på denne avgerdsla, og manglande involvering i forkant. I tillegg kjem det mange tilbakemeldingar på at ein burde vente med å endre på påtalemakta før Påtaleanalysen blei lagt fram.