Skriftlig spørsmål fra Line Henriette Holten (KrF) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:939 (2016-2017)
Innlevert: 04.04.2017
Sendt: 04.04.2017
Besvart: 07.04.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Line Henriette Holten (KrF)

Spørsmål

Line Henriette Holten (KrF): I Innst. 56 S – 2015–2016 (Jordvernstrategien) ber stortinget regjeringen om å etablere i løpet av 2016 et skolerings- og tiltaksprogram for lokalpolitikere i norske kommuner, knyttet til ivaretakelse av dyrka og dyrkbar mark. Dette har så vidt meg bekjent ikke blitt etablert enda og flere kommuner etterspør et slikt tiltak.
Når mener statsråden at et slikt skolerings- og tiltaksprogram vil bli etablert og tilgjengelig for norske kommuner?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Som omtalt i Prop. 1 S (2016-2017) frå Landbruks- og matdepartementet, fikk fylkesmennene i oppdrag å gjennomføre opplæringstiltak om jordvern for lokalpolitikarar i løpet av 2016. Ifølgje rapportering frå fylkesmennene og deira årsmeldingar har no alle kommunane fått tilbod om slik opplæring av sine lokalpolitikarar etter siste kommuneval. I årets tildelingsbrev til fylkesmennene er det gjeve eit oppdrag om at dei i dialog med kommunane i løpet av 2017 skal bidra til å auke kunnskapen om plan- og bygningslovens verktøy for å redusere nedbygging av dyrka jord i tråd med regjeringa sin jordvernstrategi.

Eg har i mitt brev av 08.03.2016 til kommunane understreka den viktige rolla fylkesmennene har som rettleiarar overfor kommunane i plansaker. Det er etablert kontakt med KS for å sjå på nye opplæringstiltak for nye folkevalde etter neste kommuneval.

Landbruksdirektoratet skal følgje opp fylkesmennene i arbeidet med å rettleie kommunane og formidle kunnskap om arealressursane til kommunanes planarbeid. Eg har bede Landbruksdirektoratet i samarbeid med NIBIO om å vidareføre arbeidet med å utvikle kunnskapen om arealressursane og bidra til at kunnskapen blir nytta og gjort tilgjengelig. Eg har gitt ekstra midlar til dette føremålet i 2017 for å oppdatere og forbetre denne rettleiinga. Eg har også bedt fylkesmennene i Rogaland og Hordaland og i Sør- og Nord-Trøndelag om å arrangere regionale jordvernkonferansar i løpet av 2017. På denne bakgrunn meiner eg at arbeidet med skolering er godt ivaretatt.