Liv Signe Navarsete (Sp): Kva gjer regjeringa for å bidra til at drap og forfølging av homofile i Tsjetsjenia opphøyrer øyeblikkeleg?
Begrunnelse
Media rapporterer om at LHBT-personar flyktar for sine liv i den russiske delrepublikken Tsjetsjenia. Det vert rapportert om bestialske mord, massearrestasjonar, tortur og at homofile vert begravd levande. Den norske regjeringa må øyeblikkeleg bruke alle tilgjengelege arenaer for å påverke Russland og Tsjetsjenia til å stanse desse overgrepa. Noreg kan bidra til at desse uakseptable handlingane opphøyrer, og det er difor av stor interesse å få vite kva strakstiltak regjeringa vil setje i verk i samarbeid med andre land, EU og Europarådet. Det er også viktig å få stadfesta at norske styresmakter tek opp spørsmålet bilateralt på toppnivå, og kva støtte Noreg vil gje for å gjere sivilsamfunn betre i stand til å motverke disse kreftene.