Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:967 (2016-2017) Innlevert: 07.04.2017 Sendt: 07.04.2017 Besvart: 21.04.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Geir Pollestad (Sp): No har regjeringa lagt fram proposisjonen for Rogfast. Tidlegare har samferdselsministeren stoppa Statens vegvesen sitt ynskje om å sende ut anbod i saka med atterhald om politisk godkjenning.Vil statsråden no gje Statens vegvesen høve til å sende ut dei fyrste anboda for Rogfast for å ta att noko av forseinkinga og sikra at prosjektet vert starta opp i år?
Ketil Solvik-Olsen: Som det går fram av Prop. 105 S (2016-2017), side 2, har to grunneigarar klaga på Statens vegvesen sitt ekspropriasjonsvedtak knytt til massedeponiet i Mekjarvik. I tillegg har Statens vegvesen klaga på nokre av vilkåra i løyvet frå fylkesmannen i Rogaland til utfylling av massar i sjøen i Mekjarvik, jf. også informasjon om dette i mitt svar av 30. mars 2017 på spørsmål nr. 858 frå representanten Pollestad.Ifølgje Statens vegvesen er entreprisen for sidetaket i Mekjarvik den første som etter planen skal lysast ut. Dette vil skje så snart det ligg føre avklaring i dei omtalte klagesakene.