Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:971 (2016-2017) Innlevert: 07.04.2017 Sendt: 07.04.2017 Besvart: 19.04.2017 av utenriksminister Børge Brende
Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis vil regjeringa disponere budsjettauka til klimarobust landbruksbistand over regionalløyvinga for Afrika?
I Statsbudsjettet for 2017 vart støtta til klimarobust landbruk over regionalløyvinga for Afrika auka med 125 millionar kroner.
Børge Brende: Klimaendringane legg press på sårbare naturressursar og tek levebrødet frå folk i landbruket, som er sektoren i Afrika sør for Sahara som sysselset flest menneske. Svoltkatastrofane i Sahel og på Afrikas Horn er enda ei påminning om kor viktig det er å auke innsatsen for klimarobust landbruk. Regjeringa tek no stilling til korleis budsjettauken på 150 millionar kroner til klimarobust landbruksbistand skal bli fordelt. I tillegg til tiltak på landnivå, vil mykje bli gjort gjennom å auke støtta til regionale og internasjonale organisasjonar som AU sitt utviklingsprogram (NEPAD) og FN sitt fond for landbruksutvikling (IFAD). Deira arbeid for mellom anna klima og landbruk, klimatilpassing i Afrika og kvinner si rolle og rettar, er særs viktig. Vidare vil vi sjå på moglegheita for å støtte program knytt til mattryggleik i samanheng med politisk uro og migrasjons- og flyktningstraumar. Målgruppa vil vere flyktningar og internt fordrivne som er råka av terrorgruppa Boko Haram. Det er eit stadig aukande problem at bønder vert ståande utan arbeid fordi dei manglar tilgong til dyrkbar jord, reiskapar og frø. Ved å hjelpe flyktningane og lokalsamfunna vil risikoen for auka sårbarheit, forverring av kriser og press på naturressursar kunne bli mindre. Land som Etiopia, Mosambik, Mali, Niger og Nigeria er særleg utsette for klimaendringar, og vi vurderer styrka støtte til desse. Blant andre tiltak som blir vurderte er støtte til landsbruksprogram gjennom FAO og WFP, norske frivillige organisasjonar og andre norske aktørar som gjennom åra har bygd opp verdifull fagleg og geografisk kompetanse innan mattryggleik og klimarobust landbruk, som til dømes Utviklingsfondet, CARE og Noragric.Fleire av ambassadane i Afrika yter allereie omfattande støtte til landbrukssektoren og klimatiltak. Dette er eit prioritert område i deira samarbeid med vertslandet. Dei viktigaste samarbeidslanda på dette området er Etiopia og Malawi, følgt av Mosambik og Tanzania.