Sveinung Rotevatn (V): Regjeringa har som mål å få Noreg inn som medlem av tryggingsrådet i FN frå 2020 til 2022.
Korleis ser Utanriksministeren for seg at vår boikott av FN-forhandlingane om eit atomvåpenforbod, der 132 stater møttes i slutten av mars månad, vil påverke denne ambisjonen?
Begrunnelse
Ein er avhengig av støtte frå 2/3 av medlemmane i FNs Generalforsamling for å få en rullerande plass i Sikkerhetsrådet. Arbeidet for en traktat som forbyr atomvåpen er ein prioritert politikk for nær 3/4 av FNs medlemsland. Om Noreg markerer seg internasjonalt som ein stat som motarbeidar føresetnadane for ein slik traktat, er det rimeleg å anta at det blir vanskelgare for oss å få plass i tryggingsrådet.
I kriteria for val til tryggingsrådet står det at FN skal ta særleg omsyn til kandidatane sine bidrag til internasjonal fred, og behovet for rettferdig geografisk fordeling.