Skriftlig spørsmål fra Jan Arild Ellingsen (FrP) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1012 (2016-2017)
Innlevert: 25.04.2017
Sendt: 25.04.2017
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Besvart: 02.05.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Jan Arild Ellingsen (FrP)

Spørsmål

Jan Arild Ellingsen (FrP): Vil statsråden vurdere konsesjonsfrihet ved fisjon av selskaper der lovens øvrige vilkår er oppfylt?

Begrunnelse

Spørsmålsstiller velger å sitere en juridisk betraktning fra Advokatfirmaet Føyen & Torkildsen:



«Reglene er slik at det må søkes konsesjon selv ved fisjon.



Unntakene i konsesjonsloven som kan gi konsesjonsfrihet gjelder kun for egenskaper ved eiendommen eller ved kjøper. Fisjon i seg selv gir ikke konsesjonsfrihet.

Mer naturlig ville være om man kunne hoppe helt over konsesjonsspørsmålet med den begrunnelse at dette ikke er en eiendomsoverdragelse. Overføring av eiendom ved fisjon regnes ikke som eiendomsoverføring etter reglene om dokumentavgift og det er heller ikke krav om at man må overskjøte. Det holder å gjennomføre en navneendring i grunnboken. Likevel er det ikke noe tilsvarende unntak i konsesjonsloven eller konsesjonsforskriften.

(...)

Hvis disse eiendommene ikke faller inn under unntakene i konsesjonsloven, får man altså ikke et fritak.

Spørsmålsstiller er av den oppfatning at en slik praksis virker unødig byråkratisk, og bør endres.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Spørsmålet er sendt til meg som ansvarleg ministar for praktiseringa av lov 28. november 2003 nr. 98 (konsesjonsloven).

I den politiske plattforma til regjeringa går vi inn for å oppheve konsesjonslova. Regjeringa har hatt på høyring eit slikt forslag, men etter at Stortinget behandla eit forslag om å oppheve priskontrollen vart det klart at det ikkje er fleirtal for å oppheve konsesjonslova, og regjeringa har difor no sendt eit forslag til Stortinget om enkelte endringar i konsesjonslova.

Med regjeringa sin primærpolitikk ville det Ellingsen tek opp i sitt spørsmål ikkje vore eit problem, sidan heile konsesjonslova då ville vore borte. Regjeringa har likevel ikkje fleirtal for korkje å oppheve konsesjonslova eller å gjere store endringar utover det som følgjer av Stortinget sine oppmodingsvedtak og som ligg til behandling i Stortinget no.

Eg oppfattar at det representanten Ellingsen etterlyser er ei praksisendring, anten slik at ein fisjon ikkje lenger skal reknast som eit "erverv" i konsesjonslova si forstand, eller slik at Landbruksdirektoratet skal påleggjast å endre den fast innarbeidde praksisen etter § 2 siste punktum om ikkje å gi unntak frå konsesjonsplikt ved fisjonar. Begge tolkingar er fastlagt gjennom svært lang og fast praksis. Eg meiner difor at ei endring i retning av det som er etterlyst vil krevje endring av lova. I forslaga til endringar i bl.a. reglane om konsesjonsplikt som er fremja for Stortinget, er det ikkje innarbeidd ei slik lovendring. Eg ser heller ikkje at det utan vidare er tenleg å endre lova på nokon av desse punkta utan at ein har teke ein grundig gjennomgang av reglane i konsesjonslova om aksjeselskap som eigarar av landbrukseigedom.

Ein proposisjon om endringar av konsesjonslova ligg til behandling i Stortinget no, og Stortinget har moglegheit til å be om endring av lova på dette punktet.