Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva som no er og kva som vil bli status til hovudsbasen for helikopter som har vore lokalisert på Bardufoss, og tolkar statsråden vedtaka i Innst. 62 S (2016-2017) som at 139 Luftving er vedteke flytta frå Bardufoss til Rygge?
Begrunnelse
Torsdag 23. mars fremja representantane Knut Arild Hareide, Liv Signe Navarsete, Torgeir Knag Fylkesnes og Trine Skei Grande representantforslag om sikring av eigen helikopterkapasitet for Hæren og vidareføring av hovudbase for helikopter på Bardufoss.
Forslag nr. 2 var som følgjer:
«Stortinget ber regjeringen sikre at hovedbasen for helikopter beholdes på Bardufoss, med tilhørende operativ og teknisk ledelse, utdanning, trening, vedlikehold, logistikk og administrasjon.»
Under referatet i Stortinget tysdag 25. april tilrådde Stortingets presidentskap at forslaget ovanfor ikkje skulle oversendast til handsaming i Utanriks- og forsvarskomiteen. Representant Svein Roald Hansen, medlem av presidentskapen og utanriks og forsvarskomiteen, gav følgjande grunngjeving for presidentskapet si tilråding:
«Presidentskapets vurdering er at realiteten i vedtaket som ble gjort i forbindelse med langtidsplanen for Forsvaret, var å flytte hovedbasen til Rygge, og da blir dette en omkamp som forretningsorden ikke åpner for.»
I dag kan ein lese i Nordlys at leiaren i Utanriks og forsvarskomiteen meiner det Hansen sa var feil. Det er viktig både for Forsvaret og ålmenta å få vite kva fleirtalet i Stortinget i realiteten vedtok i innstilling 62 S(2016-2017).