Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1032 (2016-2017)
Innlevert: 27.04.2017
Sendt: 27.04.2017
Besvart: 04.05.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden syte for ein open og ryddig prosess når ein skal ta stilling til kor i landet ein skal lokalisera Landbruksdirektoratet når det no skal flyttast utanfor Oslo?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa la 17.02.17 fram Meld. St. 18 (2016-2017) Berekraftige byar og sterke distrikt. Vedlagt meldinga var Plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar. I planen, kap. 7.2, blir det omtalt kva for oppgåver, funksjonar og einingar som ein planlegg å omlokalisere eller som ein vil vurdere å omlokalisere.
I kap. 7.2 heiter det følgjande om landbruksforvaltninga:

"Regjeringen vil gjennomgå den samlede ansvarsdelingen i landbruksforvaltningen, på tvers av dagens forvaltningsnivå med sikte på forenklinger, bedre kontroll med offentlige tilskudd og en hensiktsmessig arbeidsfordeling mellom kommuner, fylkesmannen og Landbruksdirektoratet. Utredningen skal ferdigstilles innen 1. juli 2017. Utredningen skal omfatte en vurdering av å lokalisere oppgaver eller enheter til ulike steder i landet, blant annet i Trøndelag. Det er i dag 194 og 30 ansatte ved Landbruksdirektoratet i henholdsvis Oslo og Alta. Den samlede arbeidsmengden til landbruksforvaltningen hos fylkesmennene utgjør om lag 300 årsverk."

Utgreiingsarbeidet vil bli gjort av Landbruks- og matdepartementet i samsvar med retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon, og i tråd med utgreiingsinstruksen. Utgreiinga skal som det går fram av mandatet bl.a. omfatte ei vurdering av å lokalisere oppgåver eller einingar til ulike stader i landet.
Departementet har fått fleire innspel frå kommunar og fylke til vurderinga av lokalisering av Landbruksdirektoratet. Eg har også hatt møte med desse der dei har fått høve til å gi ein kort presentasjon av området sitt. Innspela vil bli vurdert i det vidare arbeidet med utgreiinga.