Liv Signe Navarsete (Sp): Meiner statsråden at handsaminga av Ogba Asfhe er akseptabel og i tråd med norske verdiar, og vil statsråden ta grep for å endre retningslinene slik at dei som har budd så lenge på mottak utan å få avklara sin status får ein meir verdige og føreseielege bu- og livssituasjon?
Begrunnelse
Avisa Firda har den siste veka skrive om Ogba Asfhe, som har budd 26 år i ymse mottak, og som no må flytte til eit nytt mottak på ei vekes varsel etter som mottaket i Jølster skal leggjast ned. Etter å ha flytta fleire gonger har Asfhe no fått kontakt med folk i nærmiljøet i Jølster og prøver etter beste evne å skape seg eit liv i ein svært vanskeleg livssituasjon. Ho kjem opphavleg frå Eritrea, fyller ikkje kriteria for å få asyl og opphald, men kan heller ikkje returnerast til heimlandet. Etter som det ikkje er nokon plan for rekkjefølgja i nedlegging av mottak risikerer Asfha å bli flytta vidare til nytt mottak etter kort tid.