Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1095 (2016-2017) Innlevert: 10.05.2017 Sendt: 11.05.2017 Besvart: 18.05.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie
Fredric Holen Bjørdal (A): Kva for initiativ har regjeringa teke for å oppfylle ungdomsgarantiane, og kva er den månadlege, eventuelt kvartalsvise, utviklinga av måloppnåinga for garantiane sidan mai 2014?
Viser til spørsmål med Dokument nr. 15:756 (2013-2014).
Anniken Hauglie: I grunngjevinga for spørsmålet visast det til Dokument nr. 15:756 (2013-2014). Dette spørsmålet tok føre seg dei då nye garantiane for ungdom i alderen 20-29 år innført av regjeringa Stoltenberg II. Saman med Arbeids- og velferdsetaten si innsats elles for unge, skulle garantiane bidra til å sikre unge nødvendig og hensiktsmessig oppfølging frå NAV.Departementet får rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet kvart tertial. Resultata på garantien om at ledige i alderen 20-24 år skal ha ein godkjend aktivitetsplan innan ein månad (fotnote 1), har variert frå 40 pst. i 1. tertial 2014 til 48 pst. i 3. tertial 2016. For unge med nedsett arbeidsevne under 30 år går garantien ut på at 90 pst skal ha ein godkjend aktivitetsplan. Andelen har variert frå 56 pst. i 1. tertial 2014 til 68 pst. i 3. tertial 2016. Resultata har vore forholdsvis stabil dei to siste åra.Ulike målgrupper og ulikt innhald i garantiane gjorde dei lite effektive og vanskelege å administrere. FAFO undersøkte i 2015 mellom anna kva rolle garantiordningane hadde i oppfølgingsarbeidet. FAFO peikte på at garantiane var utforma som krav til kvantitet framfor kvalitet, og stilte spørsmål ved om garantiane eigentleg garanterte unge god oppfølging. Det blei også trekt fram at garantiane fokuserte på målbarheita av NAV-kontora sitt arbeid med garantiane, framfor tilrettelagde tenester og oppfølging av god kvalitet. I undersøkinga blei det mellom anna konkludert med at dersom garantiane skulle hindre marginaliseringa av unge, burde dei gitt lovnad om meir konkrete tiltak enn berre ein aktivitetsplan. Garantiane bidrog, ifølge FAFO, til nasjonal forankring av NAV-kontora sin prioritering av unge brukarar.Regjeringa meiner det er viktig å prioritere unge på ein tydelegare og meir eintydig måte enn garantiordningane la opp til. Vi varsla difor i Meld. St. 33 (2015–2016) NAV i en ny tid – for arbeid og aktivitet ei forenkling av garantiordningane for å oppnå ei klarare og meir eintydig prioritering av unge.I Prop. 1 S (2016-2017) foreslo regjeringa å erstatte garantiordningane med ein ny ungdomsinnsats. Regjeringa vil at utsette unge raskt skal få hjelpa dei treng. Tidleg innsats og individuelt tilpassa oppfølging er viktig for å lykkast med å få utsette unge i arbeid og utdanning. Innsatsen er retta mot unge under 30 år som etter åtte veker står utan tilbod om arbeid, skuleplass eller aktivitet. Desse skal raskt få individuelt tilpassa oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Oppfølginga skal motivere til jobbsøking og overgang til arbeid, utdanning eller annan hensiktsmessig aktivitet. Målet er å sikre tidleg innsats for unge som har behov for bistand frå NAV, og å gi NAV-rettleiaren fridom til å tilpasse tilbodet til den enkelte sine behov og moglegheiter lokalt. Ungdom er fortsatt høgt prioritert i NAV-kontora sitt arbeid, og på ein betre måte enn før.Først ut er dei mest utsette fylka på Sør- og Vestlandet. Det blei løyvd 30 mill. kroner i budsjettet for 2017 til den nye ungdomsinnsatsen (oppfølging og arbeidsmarknadstiltak). Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett for 2017 at ungdomsinnsatsen styrkast med ytterlegare 32,5 mill. kroner til oppfølgingsressursar i NAV. Grunnlaget er da lagt for ei landsomfattande oppbygging av NAV sin kapasitet til å drive forsterka oppfølging av unge ledige.Ungdomsinnsatsen kjem i tillegg til anna innsats og ressursar NAV disponerer for å hjelpe unge til å kome i utdanning og arbeid.---------------------------------------Fotnote1) Innan ein månad etter at vedtak om behov for situasjonsbestemd innsats er fatta.