Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden snarast opplyse Stortinget om svara på spørsmåla i det ope brevet som er sendt til statsråden frå LO i Indre Hardanger den 9. mai 2017 vedrørande Odda sjukehus om det skal fortsatt skal vere akuttkirurgi og traumefunksjon ved Odda sjukehus, kan i tillegg statsråden svare på om det fortsatt skal vere turnuskandidat i kirurgi ved Odda sjukehus og vil Stortinget få vite svara før Stortinget skal behandle sak om dette den 15. mai 2017?
Begrunnelse
Helse - og omsorgsministeren har motteke brev i frå LO i Indre Hardanger med spørsmål om korleis brevet Helse- og omsorgsministeren sendte til Helse- og omsorgskomiteen 8. mai er å forstå. Det er stor usikkerheit om kva statsråden meiner skal vere Odda sjukehus si framtid. Eg ber helse- og omsorgsministeren om å svare på desse spørsmåla før Stortinget si handsaming av saka 15. mai, slik at Stortinget kan ta sin avgjersle på eit korrekt og informert grunnlag.
Spørsmålsstellaren viser til brev sendt frå LO i Indre Hardanger:
"SPØRSMÅL TIL HELSEMINISTEREN OM AKUTTKIRURGI VED ODDA SJUKEHUS.
Helseminister Bent Høie sendte 8.mai 2017 eit ope brev til Helse- og omsorgskomiteen i Stortinget, med tittelen «Beredskapsfunksjoner ved sykehuset i Odda».
Etter vårt syn treng vi konkrete svar på noen viktige spørsmål før vi våre trekk endelege konklusjonar i saka. Vi ber om skriftleg svar helst før vårt ekstraordinære styremøte i LO i Indre Hardanger i kveld 9. mai kl. 18.00.
-Har helseministeren i brevet oppheva sitt eige vedtak i foretaksmøtet 24.april om å avvikle den akuttkirurgiske beredskapen i Odda?
-Vil helseministeren gjennom dette brevet vidareføre dagens modell med døgnbasert akuttkirurgi med traumefunksjon ved Odda Sjukehus?
-Innebærer helseministeren sitt svar at det framleis skal vere team i beredskap ved Odda Sjukehus som kan gjennomføre akutte kirurgiske inngrep på døgnbasis ( dvs. anestesi- og operasjonssjukepleiar, kirurg og anestesilege)?
-Skal Odda Sjukehus ha døgnkontinuerleg beredskap for gjennomføring av nødkirurgiske prosedyrer i samsvar med Nasjonal traumeplan?
-Helseministeren vil «oppfylle kravene til beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering». Kva legg han i dette medisinske nyordet? Er dette det same som fortsatt akuttkirurgisk beredskap – eller berre stabilisering før vidare transport?
-Helseministeren skriv: «Kirurg/ortoped skal behandle pasienter på skadeklinikken, og skal vere tilgjengelig for pasienter på døgnbasis». Kva betyr «tilgjengeleg på døgnbasis» i praksis? Tilsvarar dette dagens ordning med akuttkirugisk beredskap i Odda?
-Helseministeren skriv: «Det skal utarbeides en beredskapsplan med tiltak for å møte ulike scenarier, herunder en situasjon med stengte veier». Kva skal denne planen konkret innehalde, som sikrar minst like god tryggleik som i dag? Og kva med ein beredskapsplan der det ikkje er flyvær for ambulansehelikopter ved kritiske hendingar? Vil eit lokalt operasjonsteam då vere i beredskap og operativt i Odda?
Vi ser fram til snarlege, konkrete og utvetydige svar frå statsråden!
Odda, den 9.mai 2017 Helsing styret i LO i Indre Hardanger
Terje Kollbotn (leiar)"