Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1112 (2016-2017)
Innlevert: 12.05.2017
Sendt: 15.05.2017
Besvart: 23.05.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden klargjere i kva for vedtak i Innst. 62 S (2016–2017) ho meiner Stortinget har vedteken nedlegging av 139 luftving?

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortingets president av 15. mai 2017 med spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om nedlegging av 139 luftving.

Alle Forsvarets helikopterskvadronar er i dag underlagt 139 luftving som organisatorisk eining. 339 skvadron blei, ved behandlinga av Innst. 62 S (2016-2017) jf. Prop. 151 S (2015-2016), vedteke lokalisert til Rygge.

Luftvingnivået i Forsvaret er oppretta av forsvarssjefen. Det er Luftforsvarets skvadronar (nivået under luftvingane) som er oppretta og flytta etter vedtak i Stortinget. Konsekvensen av at 339 skvadronen med Bell 412 flyttast til Rygge, er at dagens luftving ved Bardufoss flystasjon leggast ned, slik Stortinget blei orientert om i Prop. 151 S. Stortinget er også orientert om at dei skvadronane og avdelingane som i dag er underlagt luftvingen vil bli underlagt eit leiingsselement som opprettast på Rygge. Leiingselementet skal kunne lede skvadronar, avdelingar og detasjement som ikkje har lokal overordna leiing. Det vil blant anna gjelde avdelingane som i dag er underlagt 135 (Gardermoen) og 139 luftving (Bardufoss), når desse leggast ned. Det gjerast for å sikre best muleg nytte av ressursar til leiing og støtte i Luftforsvaret. Dei helikoptra som Forsvaret opererer vil i framtida vere lokalisert på totalt åtte basar i Noreg, i tillegg til kystvaktfartøy og fregattar.

337 skvadron med åtte kystvakthelikopter og teknisk avdeling blir verande på Bardufoss i den nybygde hangaren som er spesialtilpassa for NH90. Det tunge vedlikehaldet av NH90 (både for Bardufoss og Bergen) skal i utgangspunktet gjennomførast på Bardufoss. Det er gjort store investeringar på basen, for å legge til rette for Forsvarets vidare aktivitet. Dette inkluderer det nye skvadronsbygget til 337 skvadron, store infrastrukturprosjekt og ein ny brannstasjon som vil bli teken i bruk allereie i 2017.

Dagens lokalisering med leiinga for 339 skvadron på Bardufoss, og fordeling med ni helikopter på Bardufoss og ni helikopter på Rygge, videreførast fram til alternativ helikopterkapasitet er etablert.