Liv Signe Navarsete (Sp): Kva gjer regjeringa for å få frigitt båt og mannskap og når kan ein forvente ei løysing i saka?
Begrunnelse
Nettavisa Fiskebåt skriv fredag 19. mai at situasjonen framleis er fastlåst for reketrålaren Remøy som vart tatt inn til Murmansk av russisk kystvakt, onsdag 10. mai.
Fiskebåt skriv at årsaka til at den norske reketrålaren vert halden fast i Russland er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Fiskebåt skriv mellom anna at «lisensieringa av norske fartøy som skal fiske i russisk sone, er eit forhold mellom Norge og Russland. Reiarlaget hadde søkt norske styresmakter om lisens for å fiske på ein norsk rekekvote i russisk sone. Lisens for fartøyet blei gitt og reiarlaget har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge. Reiarlaget har difor forholdt seg til at lisensen som blei gitt var i orden.»
Fiskebåt skriv og at kausjonskravet på 90 millionar kroner er meir enn 10 gongar større enn fangsverdien som er om bord i båten. Dette er eit krav som ikkje er mogleg for rederiet å betale.
Situasjonen mannskapet og rederiet har hamna i er fortvila for dei. Rederiet taper store pengar, og mannskapen kjem ikkje heim slik dei skulle. Dette er ei sak der den norske stat har gjort ein feil, men som mannskapet på båten og rederiet no må ta konsekvensane av. Det er difor maktpåliggande at norske styresmakter handlar raskt for å løyse saka.