Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1176 (2016-2017)
Innlevert: 29.05.2017
Sendt: 29.05.2017
Besvart: 07.06.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden framleis garantere at innsparingane ho viste til i svaret til Utanriks- og forsvarskomiteen faktisk er riktige?

Begrunnelse

I svar til Utanriks- og forsvarskomiteen oversendt 27. juni 2016 i skreiv statsråden følgjande om flyttinga av 339-skvadronen til Rygge og 334-skvadronen til Haakonsvern:

«de foreslåtte tiltakene knyttet til endringer i helikopterstrukturen innebærer en reduksjon på om lag 100 årsverk. Over 20 år gir tiltaket om lag 2,4 mrd. kroner i reduserte kostnader».

Stadig fleire hevdar no at desse estimerte innsparingane ikkje er riktige.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortinget sin president av 29. mai. 2017, med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om innsparingane i helikopterverksemda.
Bakgrunnen for endringane i helikopterverksemda er at dagens fordeling av helikopter mellom Bardufoss og Rygge verken gjer fullverdig støtte til Hæren, Forsvaret sine spesialstyrkar eller politiet. Vi prioriterer derfor å auke den operative evna ved å samle helikoptera på Rygge som dedikert støtte til spesialstyrkane. Spesialstyrkane får med dette auka taktisk mobilitet.
Den anbefalte løysinga for endringa av helikopterverksemda slik den vart beskriven i Prop. 151 S (2015–2016) – Kampkraft og bærekraft – var berekna til å frigjere meir enn 120 mill. kroner pr. år, knytt til blant anna leiing, stab og støtte på Bardufoss, til anna prioritert verk-semd. Denne samlinga og på sikt reduksjonen av Bell 412-miljøet, vil frigjere ressursar til høgare prioritert aktivitet.