Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1188 (2016-2017)
Innlevert: 31.05.2017
Sendt: 01.06.2017
Besvart: 07.06.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har pelsdyrnæringa sjølv nå fremma utkast til ”dyrevelferdsprogrammet” som skal tillate fortsatt gruppehald av mink.
Meiner statsråden at det føreslåtte programmet vil sikre tilstrekkeleg god dyrevelferd hos mink i gruppehald, slik han har lova at det skal, altså at det sørgjer for betre dyrevelferd enn i dag og tilsvarande grad av dyrevelferd som viss det ikkje skulle ha vore gruppehald?

Begrunnelse

I pelsdyrmeldinga føreslo statsråden opphavleg eit absolutt forbod mot gruppehald av mink av dyrevelferdsomsyn. Under innstillinga til meldinga forsikra han at det fortsatt ville bli eit generelt forbod mot gruppehald av mink, men med ”noko fleksibilitet for dei som klarar å oppretthalde tilstrekkeleg god dyrevelferd gjennom eit velferdsprogram, i tida fram til forbodet blir innført.” Statsråden forklara at pelsfarmarene skal måtte ”levere betre dyrevelferd enn det gjørast i dag, etter målbare kriterier og tilstrekkeleg lavt skadepotensial,” og ”oppretthalde den dyrevelferda som forlangast frå dei som ikkje har gruppehald,” viss dei skal få halde fram med gruppehald.

Det nye ”dyrevelferdsprogrammet” frå Bondelaget, Pelsdyralslaget og Bonde- og Småbrukarlaget har no kommet. Frå å skulle vere eit generelt forbod, opnas det for oppstart av nytt gruppehald, og dei som blir stengde ute som følgje av at dei ikkje oppfyller krava vil bare være stengde ute i påfølgande sesong. Det vil fortsatt vere tillate å halde fire mink saman. I tillegg baserast programmet på sertifiseringsordninga Welfur, som i stor grad utelèt indikatorar for pelsdyras åtferdsbehov. Welfur vil i praksis vere obligatorisk for pelsdyroppdrettarane frå 2020, sidan dei store auksjonshusa frå då av berre vil selje Welfur-skinn.

Ifølgje Statsråden skulle offentlege myndigheiter føre kontroll med dyrevelferdsprogrammet, og departementet føreslo i oppdragsbeskrivinga til næringa at ein uavhengig tredjepart skulle gjere det. Tilsvarande er forslaget i utkastet til endring av pelsdyrforskrifta, som er ute til høyring no, at kontrollen av dyrevelferdsprogrammet for gruppehald skal gjørast av ein uavhengig instans. Likevel føreslår næringa at dei skal kontrollere seg sjølv. Spørsmålsstillar minner om at Pelsdyrutvalet rekna slike eigenregistreringar som lite truverdige då dei skulle vurdera pelsdyrproduksjon i 2015, og uttalde at det ”[ikkje] finst målingar eller tall som seier noko om korleis dyra har det på pelsfarmane.”

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget har bede regjeringa om å utforme eit regelverk som har eit generelt forbod mot gruppehald av mink, men som opnar for gruppehald av mink på gardar som deltek i eit dyrevelferdsprogram og som oppfyller strenge krav til dyrevelferd målt etter dyrevelferdsindikatorar som er objektive og kan etterprøvast. På mi oppmoding har Mattilsynet utarbeida eit forslag til eit slikt regelverk. Det er ikkje rett at dette forslaget er ute til høyring no. Dette vil likevel skje snart, men etter at departementet har gjort ei eiga vurdering av framlegga. Eg ser ikkje bort i frå at eg vil foreslå nokre endringar.

Eg har på bakgrunn av Stortingets behandling også bede næringa ved Norges Bondelag, i samarbeid med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Pelsdyralslag, om å utarbeide eit forslag til dyrevelferdsprogram. Dette vil bli lagt ved høyringa av forslaget til endringar i pelsdyrforskrifta, slik at høyringsinstansane også kan gje innspel som er relevante for godkjenninga av dette. Eg vil ikkje ta stilling til innhaldet i programmet før denne høyringsrunda er avslutta, men også her kan eg signalisere at eg ser behov for justeringar på nokre utvalde områder.

Eg ser føre meg at for å få eit effektivt program må vi både ha klare krav frå start, gode måtar å handtere avvik og eventuelle sanksjonar på, men også ein måte å hauste erfaringar på slik at programmet regelmessig kan oppdaterast og ta opp i seg ny kunnskap som bidreg til betra dyrevelferd.