Sveinung Rotevatn (V): Meiner statsråden at tidspunkt for enkelte parti sine landsmøte er ein forsvarleg grunn til å utsetje utredninga om dobbelt statsborgarskap, til tross for at departementet først varsla at den ville komme til Stortinget før sumaren 2017?
Begrunnelse
Regjeringa har tidlegare lova ei utgreiing om spørsmålet, som skulle leggjast fram i fjor haust. Statsråd Listhaug lova før jul at utgreiinga skulle komme i løpet av våren. Når det no finnast eit fleirtal for dobbelt statsborgarskap på Stortinget har statsråd Sandberg svart Kommunal- og forvaltningskomiteen at
"Ettersom det er kort tid fra Fremskrittspartiet har avsluttet sitt landsmøte til Stortinget avslutter sitt arbeid før sommeren, vil jeg ikke kunne legge fram utredningen i inneværende sesjon."