Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1246 (2016-2017)
Innlevert: 08.06.2017
Sendt: 09.06.2017
Besvart: 16.06.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva er bakgrunnen for at kostnadene knytt til utbygging av befalsforlegning, mannskapsforlegning og bustader i alternativ 3 (delt løysing) er høgare enn i alternativ 1 (einebase Evenes), og kva ligg til grunn for kostnadsanslaget?

Begrunnelse

I Prop. S 151 (2015-2016) framgår det at «Regjeringens forslag om en samling av aktiviteten på Evenes innebærer en økning på om lag 600 ansatte og over 300 vernepliktige på Evenes» i alternativ 1 (einebase på Evenes). I alternativ 3 (delt løysing) vert kampflya og besetning føreset lokalisert på Evenes, og dei maritime patruljeflya lokalisert på Andøya. Talet på tilsette og vernepliktige på høvesvis Evenes og Andøya er ikkje ytterlegare spesifisert. I dag er det allereie 258 tilsette ved Andøya flystasjon i følgje rapporten «Distriktsmessig konsekvensutredning av forsvarssjefens fagmilitære råd 2015» frå PWC.

I talgrunnlaget til Prop. S 151 (2015-2016) er prosjektkostnaden til alternativ 3 for befalsforlegning, mannskapsforlegning og bustader anslått til om lag 690 millionar kroner (derav 420 millionar kroner på Andøya og 270 millionar kroner på Evenes), mens tilsvarande tal for alternativ 1 er snautt 580 millionar kroner.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortinget sin president 9. juni 2017 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om kostnader knytt til utbygging av befalsforlegning, mannskapsforlegning og bustader i alternativ 1 (einebase Evenes) og alternativ 3 (delt løysing).

Årsaka til at kostnadene til utbygging av befalsforlegning, mannskapsforlegning og bustader i alternativ 3 (delt løysing) er høgare enn i alternativ 1 (einebase Evenes) er at det vil vere fleire tilsette og vernepliktige ved ei delt løysing. I tillegg kjem kostnader knytt til duplisering av fleire funksjonar. Dette ligg til grunn for kostnadsanslaget.