Skriftlig spørsmål fra Stein Erik Lauvås (A) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1255 (2016-2017)
Innlevert: 09.06.2017
Sendt: 12.06.2017
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Besvart: 19.06.2017 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Stein Erik Lauvås (A)

Spørsmål

Stein Erik Lauvås (A): Vil statsråden sørge for at nødvendig oppfølging av avtalen om skjøtsel av reingjerdet på Børgefjell blir fulgt opp slik som forutsatt?

Begrunnelse

Reingjerdet på Børgefjell er i behov av reparasjon og vedlikehold, slik gjerdet fungerer i dag fyller det ikke sin hensikt og fører til at rein fra norsk og svensk side sammenblandes. Dette fører til store ekstra omkostninger og arbeid for reineierne på begge sider av grensen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Reinbeitekonvensjonen mellom Noreg og Sverige av 9. februar 1972 slutta å gjelde 1. mai 2005. Det har vore tingingar mellom Noreg og Sverige om ein ny konvensjon, som i 2009 førte fram til eit framlegg til ein ny konvensjon. Så langt er ein ny konvensjon ikkje blitt ratifisert.
Reinbeitekonvensjonen mellom Noreg og Sverige frå 1972 hadde mellom anna føresegner om oppsetting og vedlikehald av gjerder, også for det aktuelle gjerdet i Børgefjell. Det går fram av konvensjonen at det var Sverige som hadde slikt ansvar for gjerdet.
Då konvensjonen slutta å gjelde i 2005, hadde ein ikkje lenger føresegner mellom dei to landa som regulerte slike tilhøve. Gjerdet begynte etter kvart å forfalle, og eit visst vedlikehald har funne stad frå norske styresmakter si side for å sikre at gjerdet fungerer, og for å hindre at gjerdet fell ned og er til fare for folk og dyr i området.
Det har i dei seinare åra vore kontakt mellom Fylkesmannen i Nord-Trøndelag og det svenske sametinget om vedlikehald av gjerdet. I framlegget frå 2009 er det lagt opp til at gjerdet framleis skal eksistere. Det er det svenske sametinget som på svensk side er ansvarleg mynde med omsyn til slike spørsmål, og det svenske sametinget har sagt at dei har ansvar for vedlikehaldet av gjerdet i Børgefjell.
Naudsynt vedlikehald er jamvel ikkje blitt gjort. Det same gjeld såkalla "sanding" av gjerdet, for raskare framsmelting av gjerdet på forsommaren.
Ifølge det svenske sametinget, har arbeidet vore hindra av føresegner knytt til bruk av helikopter i nasjonalparken, og av tollregler ved passering av grensa med materialar og utstyr.
Spørsmåla har vore brakt inn i Grensehinderrådet, og den norske representanten i rådet har teke dette opp med Landbruks- og matdepartementet.
Landbruks- og matdepartementet har følgt saka opp overfor miljøstyresmakta i Nord-Trøndelag (fylkesmannen) og Tolldirektoratet.
Av fylkesmannen sitt svar datert 22. februar 2017, som er tufta på nasjonalparkstyret si uttale, kjem det fram at det svenske sametinget i 2016 vart orientert om aktuelle prosedyrar for fleirårige dispensasjonar frå verneforskrifta. Føresegnene er elles dei same for norske aktørar, men skal ikkje ha vore til hinder for det vedlikehaldet norske mynde har føreteke.
I Landbruks- og matdepartementet sitt brev av 8. mars 2017 til det svenske sametinget ble det mellom anna sagt følgjande:

"Etter at Sametinget har erkjent at det er svenske myndigheter (Sametinget) som har vedlikeholdsansvaret for aktuelle gjerdestrekninger, er vi blitt kjent med at det skal ha vært problemer med å gjennomføre dette vedlikeholdet på grunn av nasjonalparkbestemmelser og bestemmelser om toll.
Den norske representanten i Grensehinderrådet, Svein Ludvigsen, har ved brev av 31. januar 2017 tatt dette opp med oss på bakgrunn av innspill fra det svenske sametinget.
Det vises til vedlagte korrespondanse.
Når det gjelder helikopterbruk i Børgefjell nasjonalpark, legger vi til grunn at dette løser seg med utgangspunkt i brev av 26. januar 2016 fra Nasjonalparkstyret til Sametinget, jf. brev fra Fylkesmannen i Nord-Trøndelag til Landbruks- og matdepartementet av 22. februar 2017."

I Tolldirektoratet si tilbakemelding i brev av 4. april 2017 vart det skissert eit opplegg for ei praktisk handtering av tollspørsmåla. Dette førte til at Landbruks- og matdepartementet 27. april 2017 på nytt skreiv til det svenske sametinget. Av brevet går det mellom anna fram følgande:

"Landbruks- og matdepartementet legger til grunn at Sametinget med dette har fått den informasjonen om tollspørsmålene som er nødvendig for å følge opp vedlikeholdsarbeidet på de aktuelle gjerdestrekningene.
Dersom det fortsatt skulle knytte seg praktiske problemer til dette, ber vi om at vi så fort som mulig får beskjed."

Landbruks- og matdepartementet har etter dette ikkje blitt kontakta av det svenske sametinget. Eg vil jamvel drøfte saka med min svenske kollega, og be om at sentrale styresmakter i Sverige syter for at vedlikehaldsarbeidet vert gjort.