Sveinung Rotevatn (V): Skjerpa praktisering av særaldersgrense for pensjon gjer at sjukepleiarar som ønskjer å stå i arbeid etter dei fyller 65 år ofte ikkje får mogelegheita til det.
Kva tenkjer statsråden bør gjerast for å sikre dei sjukepleiarane som ønskjer å stå i jobb utover 65 år sjansen til det?
Begrunnelse
I fleire kommunar har ei innskjerpa praktisering av særaldersgrenser tatt til som ei følgje av ei nasjonal innskjerping (http://www.fvn.no/nyheter/lokalt/Ingrid-vil-jobbe-lenger--far-ikke-lov-701837b.html). Dette trass i at regjeringas linje om at folk må stå lenger i arbeid for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. Resultatet er at kommunane gjer frå seg fleire årsverk med kompetent og motivert personell.