Sveinung Rotevatn (V): Er statsråden bekymra for den økonomiske innverknaden frå samanslåinga av kommunehelsetenestelova og deler av sosialhelsetenestelova (2011) på mindre føretak med tilsette sjukepleiarar?
Begrunnelse
Verksemder som tidlegare falt innunder sosialtenestelova, var ikkje omfatta av sjukepleierpensjonsordninga. Då man i sjukepleierpensjonslova justerte ordlyda frå å vise til kommunehelsetenestelova til å vise til helse- og omsorgstenestelova, kom fleire nye tenesteområder, med mange tilsette sjukepleiarar, innunder loven. Ei slik endring får store konsekvensar for mange arbeidsgjevarar, ved at desse må betale ei betydeleg auka pensjonspremie.