Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste eller avkrefte om forsvarssjefen tilrådde Evenes som base for overvakingsfly med utgangspunkt i at Noreg skulle kjøpe overvakingsfly med våpenberarar?
Begrunnelse
7. juni stilte underteikna følgjande spørsmål:
«Kan statsråden stadfeste om forsvarssjefen i FMR vurderte Evenes som base for dei nye P-8 flya, eller om han derimot planla med utgangspunkt i at Noreg skulle kjøpe inn ein mindre flytype til overflateovervaking utan våpenberarar?»
Statsråden svara at:
«Forsvarssjefen foreslo i FMR hausten 2015 å etablere ein overvakingsskvadron på Evenes, beståande av fire bemanna overvakingsfly og seks ubemanna operasjonelle luftfarkostar. Forsvarssjefen tilrådde at desse kapasitetane skulle etablerast på Evenes og erstatte P-3 Orion.»
Underteikna fekk ikkje svar på om forsvarssjefen tilrådde Evenes som base for overvakingsfly med utgangspunkt i at Noreg skulle kjøpe overvakingsfly med våpenberarar.