Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1326 (2016-2017)
Innlevert: 19.06.2017
Sendt: 20.06.2017
Besvart: 26.06.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): NAV Arbeid- og ytelser Karmøy lokasjon Sauda opplever eit gradvis nedtrekk av aktivitet og at arbeidsplasser vert flytt bort frå Sauda. Då eininga vart etablert i 2008 var målet at det skulle vera 25 arbeidsplassar i Sauda. No er det att 16 arbeidsplassar.
Er denne sentraliseringa av arbeidsplassar ynskja politikk for statsråden?

Anniken Hauglie (H)

Svar

Anniken Hauglie: Då arbeids- og velferdsforvaltninga vart etablert i 2006, var handsaminga av mesteparten av sakshandsaminga knytt til ytingar frå folketrygda lagt til dei einskilde NAV-kontora i kommunane. Dette ga utfordringar både når det gjaldt å sikre fokus på arbeid og aktivitet ved NAV-kontora, sikre god kompetanse, lik handsaming og effektivitet i forvaltninga av økonomisk ytingar. For å løyse desse utfordringane og for å sikre meir robuste faglege miljø, vart handsaminga av økonomiske ytingar samla i forvaltningseiningar i 2008.
I 2013 var forvaltningseiningane samla i eit resultatområde. Bakgrunnen for dette var både eit behov for kvalitetssikring gjennom at forvaltningseiningane skulle spesialisere sakshandsaminga ytterlegare, effektivisere drifta med sikte på å overføre ressursar til arbeidsretta bistand ved NAV-kontora og samstundes tilpasse organiseringa til etatens utvikling av moderniserte IKT-løysingar. At forvaltningseiningane vart meir spesialiserte innebar at handsaminga av kvar einskild yting vart konsentrert til eit avgrensa tal einingar. Frå 2016 vart Arbeids- og velferdsetatens arbeid knytt til handsaminga av ytingar lagt til to nye resultatområder; NAV Arbeid og ytingar og NAV Familie og Pensjon.
Arbeids- og velferdsdirektøren har informera meg om at verken Arbeids- og velferdsdirektoratet eller leiinga for resultatområdet Arbeid og ytingar har konkrete føringar på kor mange tilsette det skal være ved kvar einskild eining. Dette er forhold som må vurderast lokalt ut frå oppgåvemengda og tildelte driftsmidlar.
I 2015 vart det bestemt at avdelinga i Sauda, som er ein av to underavdelingar av NAV Arbeid og ytingar Karmøy, skulle ha ansvaret for sakshandsaminga av frivillig forsikring på sjukepengeområdet, eit saksområde som da vart anslått til om lag åtte årsverk. Leiaren for resultatområdet NAV Arbeid og ytingar vil saman med den leiinga lokalt fortløpande vurdere kor mange årsverk som det til ein kvar tid vil væra naudsynt for å kunne ivareta denne oppgåva.
For dei nærmaste åra vil auka effektivitet og meir spesialiserte einingar i kombinasjon med uttak av gevinstar frå IKT-moderniseringa gje grunnlag for ein ytterlegare reduksjon i talet på tilsette innanfor handsaming av ytingar og overføring av ressursar til brukarretta oppfølging ved NAV-kontora. Eg er viss på at mulige endringar når det gjeld talet på einingar og talet på tilsette ved dei einskilde einingane i så fall vil skje gjennom forhandlingar med dei tillitsvalde på riktig nivå og i tråd med Hovudavtala.