Sveinung Rotevatn (V): Har statsråden følgt opp Stortinget sitt vedtak om å skape ei overgangsordning som sikrar at fosterforeldre ikkje tapar trygdeytingar fordi de er fosterforeldre, og vil statsråden samstundes be Nav trekke tilbakebetalingskrav frå Nav for dei som til no har opplevd kutt i trygdeytingar på grunn av si rolle som fosterforeldre?
Begrunnelse
I samband med handsaminga av Dokument 8:50 S (2016-2017) og Dokument 8:49 S (2016-2017) vedtok Stortinget føljande jmf. Innst. 266 S (2016-2017):
Stortinget ber regjeringa snarast innføre ei overgangsordning for fosterforeldre på trygdeytingar, som sikrar at dei ikkje tapar økonomisk på å vere fosterforeldre. Ordninga skal gjelde fram til eit nytt regelverk for fosterheimar er på plass.
Underteikna har no motteke ei førespurnad som tyder på at Nav enno ikkje er førelagt ei overgangsregel frå Arbeidsdepartementet. Eit samla Storting har nyleg vedteke at denne praksisen skal endrast snarast, men hittil har Nav ikkje endra veg. For dei engasjerte fosterforeldra det gjeld har dette store økonomiske og menneskelege konsekvensar, og manglande endring svekker fosterheimsinstituttet i si heilskap.