Jenny Klinge (Sp): Vil statsråden sørgje for at garden Lyngheim– og eventuelt andre gardar og husstandar i liknande situasjonar - får midlar til permanent flytting?
Begrunnelse
Garden Lyngheim ligg under fjellområdet Mannen i Rauma kommune i Møre og Romsdal - eit særs rasutsett område. På grunn av lovverket får dei som driv garden verken byggje ut garden eller dekt kostnadar til evakuering ved store rørsle i fjellområdet Mannen. Familien har fleire gongar måtte rømme frå gard og hus når farenivået har vorte vurdert som for høgt. Både forsikringsselskapet og naturskadeerstatningslova krev at skaden allereie har skjedd for at nokon skal få erstatning, noko som ikkje er tilfellet her. Kostanden ved å måtte evakuere når det er bevegelse, er ikkje den einaste byrden familien opplever. Grunna byggteknisk forskrift (TEK17) får ikkje gardbrukarane utvide drifta slik dei ønskjer, grunna den same rasfaren. Eg meiner det offentlege burde stille opp med midlar til permanent flytting av garden. Då vil garden òg kunne vidareutviklast slik gardbrukarane sjølve også ønskjer. Dette handlar om å finne ei praktisk og fornuftig løysing på ein vanskeleg situasjon, til det beste både for enkeltmenneska som er involverte, for matproduksjonen og gardsdrifta sin del, samt for lokalsamfunnet.