Sveinung Rotevatn (V): Kva vil regjeringa gjere for å sørge for at Høgsterett sin plenumsdom i Holship-saka vert gjennomført i norske hamner?
Begrunnelse
Høgsterett kom 16. desember 2016 til at fortrinnsretten til lossing og lasting av skip, som gjennom ca. 100 år har vore ein eksklusiv tariffesta fordel for ei lita gruppe arbeidstakarar i Norsk Transportarbeidarforbund i LO, på kostnad av andre arbeidstakarar og fagforeiningar, var i strid med EØS-avtalens artikkel 31 om næringsdrivande sin rett til å etablere lovleg verksemd. Fortrinnsretten har stengt andre næringsdrivande ute frå å starte gode losse- og lastetenester ved norske hamner, som kunne gjere hamnene betre og meir effektive, noko som ikkje minst er viktig for bedrifter i distrikta, som ikkje alltid har tilgang til god veg-, fly- eller togtransport. Dessutan har fortrinnsretten hindra organisasjonsfridom fordi ei fagforeining i praksis har hatt monopol på arbeidsoppgåvene, og då har det berre vore denne foreininga det har vore aktuelt å melde seg inn i. Det har likevel vist seg vanskelig å få implementert Høgsterett sin dom i og med at både Norsk Transportarbeidarforbund og LO ikkje har ville endre sine tariffavtalar med fortrinnsrett i tråd med dommen. Eg er kjent med at Bedriftsforbundet har tatt dette problemet opp med regjeringa i brev av 12. juli i år, utan at eg kan sjå at noko svar har blitt gitt.