Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden gjere noko for å få på plass strakstiltak slik at trafikktryggleiken vert betra langs riksveg 15 på Stårheim?
Begrunnelse
Langs riksveg 15 mellom Røedstranda og Stårheimsneset i Eid kommune er det 80-sone og mykje trafikk, samstundes som vegen i minimal grad er tilrettelagt for mjuke trafikkantar. På den 3,1 kilometer lange strekninga er det heile 14 avkøyringar, ein idrettsplass, ein rasteplass og mange busstopp på kvar side av vegen. Mange av avkøyringane er uoversiktelege, og mange born og unge ferdast langs vegen. Det er ønskje om å få på plass gang- og sykkelveg, men i påvente av dette er det openbart behov for strakstiltak. Eid kommune har spelt inn behovet for dette, til dømes nedsatt fartsgrense langs strekninga, utan å bli høyrt av Statens Vegvesen.