Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:1477 (2016-2017)
Innlevert: 14.08.2017
Sendt: 14.08.2017
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 24.08.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden sikra at bruene over Storelva i Utvik i Stryn kommune blir bygde opp att på ein måte som førebyggjar at elva tek nye vegar og gjer like store øydeleggingar i framtida som me har sett ved flommen for to veker sidan?

Begrunnelse

Ved flommen i Utvik vart to bruer øydelagde. Desse bruane er bygde på 1930-talet og forsterka med ei betongblokk midt under kvar bru. Desse betongblokkene gjorde at røter, tre , stein og anna stengde vassføringa, og elva fann seg nye vegar og gjorde store øydeleggjingar. Folk i bygda krev no tryggleik for framtida.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Statens vegvesen kom med regelverk for bygging av nye bruer i 1986. Alt i 1996 var kravet til dimensjonering av bruer over vassdrag at dei skulle tole vasstanden ved ein 100-års flaum. I 2009 vart kravet til fri høgde auka slik at dei no skal tole vasstanden ved ein 200-års flaum, jf. Statens vegvesen sine vegnormalar for planlegging og bygging av nye bruer både på riks- og fylkesveg (Handbok N400 Bruprosjektering). Dessverre er det mange eldre bruer rundt om i landet som ikkje er dimensjonerte for slike ekstreme flaumsituasjonar eller intense vassmengder som vi av og til opplever i dag. I Utvik vart ei bru teken av flaumen, og denne må derfor erstattast med ny bru. Den nye brua vil bli bygd etter gjeldande regelverk, noko som også skal sikre at elveløpet ikkje tek nye vegar ved flaum. På den andre brua vart vestre landkar sterkt skada. I følgje Statens vegvesen er dette no fjerna, og nytt landkar er under bygging. Det nye landkaret blir dimensjonert for å kunne inngå i ei eventuell ny og større bru på eit seinare tidspunkt. I tillegg blir det bygd ledemurar langs elveløpet. Saman med tiltak i sjølve elveløpet vil dette sikre vesentleg betre gjennomstrauming av vatn enn før flaumen i juli. Vegen gjennom Utvik er fylkesveg, og følgjeleg er det opp til fylkeskommunen å avgjere om det skal byggjast ny bru eller om den gamle skal reparerast. Løysinga med å byggje nytt landkar på eksisterande bru er i følgje Statens vegvesen vurdert til å vere den raskaste, sikraste og billegaste løysinga for å få vegen på plass att gjennom Utvik. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) bidrar med faglege råd, flaumberekningar m.m. for å sikre at tiltaka kan gjennomførast på ein forsvarleg måte ut frå flaumomsyn.