Hadia Tajik (A): Kva for rolle spelte Politidirektoratet (POD) og situasjonssenteret då det vart vurdert om politiet skulle stanse dei høgreekstreme demonstrantane på veg til- eller under demonstasjonen i Kristiansand 29. juli?
Begrunnelse
29. juli 2017 demonstrerte høgreekstreme i Kristiansand. I media, mellom anna gjennom dekninga til TV2 31. juli, er det stilt spørsmål om kvifor Agder politidistrikt ikkje fekk bistand frå andre politidistrikt og kva rolle politidirektoratet spelte i vurderingane.