Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1514 (2016-2017)
Innlevert: 25.08.2017
Sendt: 25.08.2017
Besvart: 01.09.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): I Setesdølen 22/8-17 kjem det fram at det ikkje er penger til vidare bygging av Rv 9. Samstundes sa komiteen "at det er behov for oppstartsmidler til Bjørnarå - Optestøyl, og at oppstart kan skje under forutsetning av at det finnes ledige statlige midler ved mindreforbruk på prosjekter innenfor rv 9, og lokal finansiering(konsesjonskraftmidler)." Statsråden og representantar frå regjeringspartia har vore tydelege på at dette betyr vidare framdrift.
Kan statsråden avklare om neste etappe kan likevel kan ha full framdrift?

Begrunnelse

Det kan sjå ut som at frykt for manglande bevilgningar i 2018 og 2019 stopper vidare framdrift på Rv 9. Men statsråden - og komiteen - har vore tydelege på at Rv 9 skal få gul stripe til Hovden, og at arbeidet som har vore gjort har vore særs godt og blitt bygga billeg. I ny NTP har Rv 9 og blitt trekt fram. Ein stopp nå vil bety meir klattvis utbygging og mulig nedbygging av viktig kompetanse i Statens vegvesen. Det er viktig at statsråden er tydeleg på at arbeidet kan fortsette som planlagt slik at anbud kan korne ut i høst/vinter og framdriften kan fortsette.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Utbetring av rv 9 er eit viktig prosjekt for regjeringa. Måten prosjektet er gjennomført på har gitt veldig mykje veg for pengane, og er brukt som inspirasjon for måten andre vegstrekningar kan utbetrast på.
I samband med Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2017 gjekk transport- og kommunikasjonskomiteen inn for anleggsstart på strekninga Bjørnarå – Optestøyl, under føresetnad av at det finst ledige statlege midlar ved mindreforbruk på prosjekt innafor rv 9 Setesdal og lokal finansiering. Ledige statlege midlar som følgje av mindreforbruk på andre prosjekt er alt nytta til å framskunde utbygginga av rv 9 ved Skomedal, jf. mellom anna Innst. 400 S (2015-2016), side 11-12.
I Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 er det lagt til grunn statlege midlar til utbetring av delstrekningar på rv 9 i Setesdal, jf. sidene 92 og 288 i meldinga. Omfang og aktuelle tiltak skal vurderast nærare i Statens vegvesen sitt abeid med handlingsprogrammet for planperioden, som grunnlag for prioriteringar i dei årlege budsjetta. Eg kjenner meg trygg på at strekninga Bjørnarå – Optestøyl vil få høgaste prioritet på denne utbetringsstrekninga. Tidspunkt for anleggsstart må eg likevel kome tilbake til når det ligg føre nærare avklaringar.