Liv Signe Navarsete (Sp): Er innkjøpa og lagera av ammunisjon til det norske forsvaret redusert dei seinare åra og kva er i så fall årsaka til det?
Begrunnelse
Nettstaden Aldrimer.no skriv i dag at dei frå sikre kjelder har fått informasjon om at det knapt er kjøpt inn ammunisjon til Forsvaret dei siste åra og at det er svært lite ammunisjon på lager. Dette er i så fall kritisk dersom det skulle oppstå ein situasjon der ammunisjon må brukast.