Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1553 (2016-2017)
Innlevert: 04.09.2017
Sendt: 04.09.2017
Besvart: 06.09.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil Regjeringa setje i bestilling KS2-rapport for Stad Skipstunnel raskast råd, slik at sak om byggestart kan leggast fram for Stortinget våren 2018?

Begrunnelse

Stortinget sette i Nasjonal Transportplan 2018-29 av midlar til å fullfinansiere Stad Skipstunnel i planperioden, med 1,5 mrd. NOK i oppstartsløyving i første fireårsperiode.
Regjeringa kan ut frå dette etter gjeldande regelverk for store investeringsprosjekt straks setje i bestilling den såkalla KS2-rapporten (Kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag før framlegging av sak om endeleg investeringsavgjerd i Stortinget). Dette har pr. i dag enno ikkje skjedd, etter det underteikna er kjent med. Dersom prosjektet skal ha byggestart som førespegla i 2019, må ein slik KS2-rapport setjast i bestilling straks.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Finansdepartementet, Samferdselsdepartementet, Kystverket og ekstern KS2-konsulent skal ha møte om start av arbeidet med KS2-rapport for Stad skipstunnel no i september. Dette inneber at vi er i rute.
Byggestart av Stad skipstunnel er i første fireårsperiode. Framlegg av prosjektet for Stortinget vil naturleg nok vere ein del av dei årlege budsjettforslag.