Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1616 (2016-2017)
Innlevert: 28.09.2017
Sendt: 29.09.2017
Besvart: 05.10.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis vil statsråden sikre ei forsvarleg utgreiing av eventuelle utdanningsreformer i Forsvaret før dei vert sette i gong?

Begrunnelse

Den planlagde reforma av utdanninga ved befalsskulane og krigsskulane vert av mange i Forsvaret omtala som ei hastereform som ikkje er tilstrekkeleg utgreidd. Dette kjem klårast til uttrykk i brev frå Sjømilitære Samfund og frå tidlegare sjefar for Sjøkrigsskulen, brev som ein føreset at statsråden kjenner. Det går fram at eit stort sjømilitært miljø meiner at dagens utdanningsordningar i Sjøforsvaret er særs tilfredsstillande, og at reformene vil medføre at utdanning og kvalifisering til teneste om bord vil bli langt dårlegare.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg syner til brev frå Stortingets president av 29. september 2017, med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om utdanningsreforma i Forsvaret. Ho spør korleis statsråden vil sikre ei forsvarleg utgreiing av eventuelle utdanningsreformer i Forsvaret før dei vert sette i gong.
Den operative evna til Forsvaret avheng av personell med rett kompetanse. Behovet for kompetanse er breitt og i stadig endring. Forsvaret sitt utdanningssystem produserer militær profesjonskompetanse og naudsynt fag- og funksjonsretta utdanning.
Utdanningsreforma er del av den vedtatte langtidsplanen for forsvarssektoren for 2017-2020, i tråd med Innst. 62 S (2016-2017). Gjennom denne reforma har regjeringa teke naudsynte grep for å sikre at Forsvaret sitt utdanningssystem framleis vil vere både attraktivt og relevant. Reforma set den militære profesjonsutdanninga i sentrum, og skal sikre god kvalitet og tilpassing til endra føresetnadar og behov. Reforma er grundig utgreidd og vurdert som del av arbeidet med både det fagmilitære rådet og langtidsplanen.
Iverksettinga av ny militærordning 1. januar 2016 endrar rolla til offiserane, ved at det kjem til ei ny rolle – spesialisten. Utdanningssystemet må ta omsyn til dette. Ei vellykka innføring av militærordninga avheng av å sjå utviklinga av offisersrolla og spesialistrolla i samanheng. Spesialisten vil overta fleire av oppgåvene til offiserane, og offisersrolla blir varig endra. Dette får følgjer for både offisersutdanninga og spesialistutdanninga, fordi desse er komplementære karrierevegar.
Gjennomgripande reformer som utdanningsreforma og militærordninga vil møte kulturelle utfordringar. Det må likevel ikkje få som resultat at Forsvaret held fram med å produsere offiserar etter gammal ordning. Både utdanningssystemet og seleksjonen av framtidige offiserar må vere i tråd med nye realitetar. Regjeringa fann at det ikkje ville vera hensiktsmessig å vente fleire år med å gjennomføre naudsynte endringar i utdanningssystemet.
Oppdraget om utdanningsreforma blei gitt til forsvarssjefen i desember 2016. Forsvarssjefen er i gong med å dimensjonere utdanningsverksemda innafor rammer og føringar gitte av Stortinget. Han har fått 2017 til å gjennomføre dette arbeidet. Forsvarsstaben har blitt tilført årsverk, og har gitt oppdraget om utdanningsreforma til utdanningsmiljøet på Forsvarets høgskole. I prosjektet er alle forsvarsgreiner og relevante driftseiningar representerte.
Den nye offisersrolla i Sjøforsvaret, og defineringa av ho, er ein del av arbeidet. Behova til Sjøforsvaret vil bli tekne omsyn til i denne prosessen, på lik line med behova til dei andre forsvarsgreinene. Forsvarsdepartementet har jamleg dialog med Forsvarsstaben, som rapporterer at arbeidet følger planen som er sett.
Eg har tillit til at Forsvaret finn gode løysingar for utdanningsreforma som møter endringsbehova, samstundes som verdifulle og viktige sider ved tidlegare offisersutdanning blir behaldne.