Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1622 (2016-2017)
Innlevert: 29.09.2017
Sendt: 29.09.2017
Besvart: 05.10.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva tid er det praktisk mogleg med byggestart og kva tid kan ein faktisk vente byggestart på prosjektet Hove - Ålgård?

Begrunnelse

I Stortingsmeldinga om NTP 2018 - 2029 er prosjektet utsett samanlikna med NTP 2014-2023.
Det som det vert spurt om er kva tid det er mogleg å starte opp om ein har maksimal framdrift og finansiering på plass. Og kva tid statsråden planlegg at arbeidet faktisk vil starte.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg er positiv til eit godt samarbeid med dei lokale styresmaktene for å finne løysingar som kan gi raskare oppstart av E39 Ålgård – Hove, slik eg også nyleg påpeikte i svar på spørsmål nr. 1576 til skriftleg svar. E39 Ålgård – Hove er ein viktig del av heile E39-strekninga mellom Stavanger og Kristiansand. Frå Ålgård og vidare sørover til Kristiansand skal E39 byggast ut av Nye Veier AS. I Nasjonal transportplan og planane til Nye Veier er det lagt til grunn at heile denne strekninga skal stå ferdig i ca. 2027, ca. ti år frå no. Det er store prosjekt og store positive effektar vi har framfor oss. Då Stortinget behandla Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029, viste eit fleirtal i transport- og kommunikasjonskomiteen til semje om Bypakke Nord-Jæren og peikte på mogelegheita for forskotering/låneopptak til prosjektet i første planperiode. Prosjektet er under planlegging. I følgje Statens vegvesen vil godkjent reguleringsplan kunne ligge føre i løpet av 2018. Det skal deretter gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2) og førebuande arbeid. Ut frå dagens planstatus og med den føresetnaden at tilstrekkelege avklaringar kjem på plass, kan det med optimal framdrift vere praktisk mogeleg med byggestart i 2020. Før eit eventuelt opplegg for forsering av prosjektet kan leggast fram for Stortinget, må det vere lokalpolitisk tilslutning til finansiering av eit slikt opplegg gjennom Bypakke Nord-Jæren. Eg legg til grunn at det i så fall må skje innanfor føringane om porteføljestyring i Prop. 47 S (2016-2017) om Bypakke Nord-Jæren og byvekstavtalen som partane nyleg har inngått.