Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1623 (2016-2017)
Innlevert: 29.09.2017
Sendt: 29.09.2017
Besvart: 06.10.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva tid kan ein vente byggestart på prosjektet E 134 Røldal - Seljestad?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Dagens regjering har pekt på E134 som en av hovudvegane aust-vest for tungbilar. Det skal investerast store milliardbeløp på strekninga, både til vedlikehald og nye delstrekningar. I Stortingets behandling av Nasjonal transportplan 2018-2029 (jf. Meld. St. 33 (2016-2017) la eit fleirtal i transport- og kommunikasjonskomiteen til grunn moglegheita for å forskottere prosjektet E134 Røldal – Seljestad slik at bompengebidraget kan nyttast først, og at byggjestart for første Haukelitunnel da kan bli innafor første planperiode. Eg stiller meg positiv til ei slik forsering under føresetnad av at tilstrekkelige avklaringar ligg føre og at dette ikkje fører til urasjonell framdrift på pågåande prosjekt eller at høgare prioriterte prosjekt må utsetjast.
Statens vegvesen reknar med at reguleringsplan for heile strekninga E134 Vågsli – Seljestad blir godkjent i begge kommunane våren 2018. Før eit eventuelt opplegg for forsering av prosjektet kan leggjast fram for Stortinget, må det liggje føre lokalpolitisk tilslutning til finansiering av ei slik forsering gjennom bompengar. I tillegg skal det gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring av mellom anna kostnadsoverslaget. Som det går fram av Meld. St. 33 (2016-2017), utgjer forventa bompengebidrag ein relativt liten del av finansieringa. Følgeleg er det ikkje i noko tilfelle realistisk med anleggsstart før mot slutten av første seksårsperiode.