Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1627 (2016-2017)
Innlevert: 29.09.2017
Sendt: 29.09.2017
Besvart: 06.10.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan forsvarsministeren stadfeste at sjef for Forsvarets Operative Hovedkvarter (FOH) har fått høve til å fremje sine vurderingar og sin konklusjon, og vil i så fall hans vurdering og konklusjon bli lagt fram for Stortinget på eigna måte?

Begrunnelse

Sjefen for FOH i Bodø er øvste operative sjef for alle innanlands- og utanlandsoperasjonar. I forsvarskrinsar er det reist tvil om han har fått uttale seg om ei eventuell nedlegging av Andøya flystasjon.

Ine Eriksen Søreide (H)

Svar

Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortinget sin president av 29. september 2017 med spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om sjefen for Forsvarets operative hovedkvarter (FOH) har fått høve til å fremje sine vurderingar og konklusjon om ei eventuell nedlegging av Andøya flystasjon.
Eg kan stadfeste at den dåverande sjefen for FOH fekk høve til å fremje sine vurderingar i saka all den tid han tok del i arbeidet med forsvarssjefen sitt militærfaglege råd (FMR) som medlem av forsvarssjefen si leiargruppe. Forsvarssjefen er, med sin leiargruppe, regjeringa sin viktigaste rådgjevar i fagmilitære spørsmål. Individuelle vurderingar frå miltære sjefar underlagt forsvarssjefen leggjast difor ikkje fram for Stortinget.