Jenny Klinge (Sp): Regjeringa satsar på å byggje opp nye integreringsmottak i byane samtidig som dei legg ned mottak med høg kvalitet som er viktige for busetting og integrering i distriktskommunane.
Ser statsråden at dette kan vera ein feil strategi viss målet er best mogleg integrering?
Begrunnelse
Å ta vare på opparbeidd kompetanse og beste praksis for god integrering ved asylmottaka og vaksenopplæringane er viktig. Sunndal asylmottak er no varsla om nedlegging sjølv om mottaket har vore del i eit kvalifiserings- og integreringsarbeid i Sunndal som kan vise til gode resultat og vellukka busetting i distriktet gjennom fleire tiår.