Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:53 (2017-2018)
Innlevert: 16.10.2017
Sendt: 16.10.2017
Besvart: 23.10.2017 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Korleis tenkjer statsråden å fylgje opp arbeidet i kjølevannet av regionreformen, der mellom anna politikargodtgjerslene på mellomniåvet skulle gjennomgås?

Begrunnelse

I regionreforma som stortingsfleirtalet vedtok 8. juni var eit viktig element for FrP arbeidet som skal gjerast med å sjå på mellom anna politikargodtgjerslene på mellomniåvet. Det var varsla at regjeringa skulle sette ned eit utval som fekk i oppdrag å sjå på dette. Gjennom media så registreres det at KS ikkje ynskjer å bidra til dette arbeidet noko spørsmålsstillar synes er uheldig. Likevel så er dette arbeidet viktig og eg vonar regjeringa fylgjer opp stortinget sin forventing om ein gjennomgang.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: I den politiske avtala om regionreforma bad samarbeidspartia regjeringa om å oppnemne eit utval for å utarbeide retningslinjer for godtgjering til fylkeskommunale folkevalde. Utvalet skulle mellom anna bestå av KS og representantar frå fylkeskommunane. Eg er einig med representant Njåstad i at det er uheldig at KS ikkje ønskjer å delta i utvalet. I tillegg har nokre representantar frå fylkeskommunane takka nei til å sitte i utvalet. Medverknad frå KS og representantar frå fylkeskommunane var ei føresetnad for å opprette eit utval. Derfor meiner eg det vil vere lite formålstenleg å gå vidare med eit utval. Eg har vurdert andre måtar å undersøkje godtgjeringa til dei folkevalde i fylkeskommunane. Eg har kome fram til at det beste alternativet er å innhente ei ekspertutgreiing som samanliknar dei ulike reglementa for godtgjering i fylkeskommunane, og særleg nivået på godtgjeringa til dei ulike folkevalde. Det er også aktuelt å sjå på godtgjeringsreglane og nivået i samanliknbare land, og særleg våre naboland Sverige og Danmark. Vidare kan ein slik utgreiing kome med forslag til retningslinjer for godtgjering. Mitt mål er å følgje opp avtalen og få til ein gjennomgang av godtgjeringa til folkevalde i fylkeskommunane. Eg vil kome nærmare tilbake til saka ved eit passande høve.