Hadia Tajik (A): Korleis vil statsråden forklare at han ikkje har gjort dei naudsynte endringane i isf-systemet for omlegging av pasientforløp frå døgn- til dagbehandling av medisinske pasienter?
Begrunnelse
Regjeringa har ikkje fulgt opp løftene sine til sjukehusa. Dei vart lova 12 milliardar meir i førre periode, men regjeringa innfridde ikkje. Heller ikkje ambisjonen om at sjukehusa skal drive meir dagbehandling og mindre døgnbehandling er fulgt opp med naudsynte endringar. Tvert om, Helse Stavanger kan fortelje at dei taper 35 millioner kroner, av den enkle grunn at dei har gjort eit viktig stykke arbeid for å gjere om på praksisen og lagt om til meir dagbehandling. Samstundes driv regjeringa og kutter jamt over i budsjettet til sjukehusa for å spare inn pengar, under dekke av at dette skal vere ein avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, utan at dei kan vise til at det gjev ønska resultat.