Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:93 (2017-2018)
Innlevert: 19.10.2017
Sendt: 20.10.2017
Besvart: 27.10.2017 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil soldatane som avtenar 16 månaders verneplikt vere tilgjengelege for teneste i Heimevernet etter si førstegongsteneste, kor lenge vil dei i så fall vere dette, og kva vil endringane ha å seie for HV sine mogelegheiter til å fylle opp styrkestrukturen?

Begrunnelse

I Prop. 2 S (2017 – 2018) foreslår regjeringa å differensiere lengda på førstegongstenesta ved at det for ein del stillingar vert 16 månaders verneplikt.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 19. oktober 2016 med spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om 16 månaders førstegongsteneste. Representanten spør om soldatane som avtener 16 månaders førstegongsteneste vil vere tilgjengelege for teneste i Heimevernet (HV) etter førstegongstenesta, kor lenge dei i så fall vil vere det, og korleis endringane vil påverke HVs evne til å fylle styrkestrukturen.
Regjeringa foreslår i Prop. 2 S (2017-1018) Videreutvikling av Hæren og Heimevernet å utvikle vernepliktsordninga for å få meir operativ evne ut av førstegongstenesta. Dette er i tråd med langtidsplanen, jf. Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016). Langtidsplanen fastslår at førstegongstenesta skal vidareutviklast og tilpassast Forsvarets krav til reaksjonsevne, operative avdelingar sine behov for fleksibilitet og handlefridom, og auka krav til kompetanse og kostnadseffektivitet. Langtidsplanen presiserer vidare at operativ nytteeffekt av den grunnleggjande soldatutdanninga og gjenbruk av kompetanse i reserven eller i HV, skal vektleggjast i vurderingar av lengda på førstegongstenesta. Dette prinsippet blir vidareført i landmaktsproposisjonen og ligg til grunn for regjeringa si tilråding om framtidig innretning av verneplikta og førstegongstenesta i Hæren. Utrekningar viser at ei differensiert ordning med ein kombinasjon av 12 og 16 månaders førstegongsteneste ivaretek behovet for å bruke dei vernepliktige til vidare teneste i HV, eller i Forsvarets andre reservar, innanfor dagens ramme på 19 månaders verneplikt.
HV vil få tilført soldatar med både 12 og 16 månaders førstegongsteneste. Med dagens øvingsmønster i HV vil også dei med 16 månaders førstegongsteneste vere tilgjengelege til utgangen av det året dei fyller 44 år, jf. forsvarsloven § 6. Det er denne ramma som primært er ei avgrensing for kor lenge HV kan bruke dei vernepliktige i teneste, og ikkje lengda på førstegongstenesta og den totale ramma på 19 månaders ordinær teneste, jf. forsvarsloven § 18. Det må understrekast at Forsvaret med denne ordninga vil kunne kalle inn det talet på vernepliktige som Forsvaret treng for å dekke behovet i HV og andre reservar.
Differensiert lengd på førstegongstenesta, vil saman med ein aktiv reserve med årlege øvingar og trening av reservepersonellet i Hærens styrkestruktur, gi betre operativ tilgang for avdelingane i Hæren og samtidig ivareta Heimevernets behov for å fylle styrkestrukturen.